James E Bothne - family

Moderator: MOD_Emigranter

Svar
dn18457
Innlegg: 15
Registrert: 01 jan 2006 22:37:35
Sted: OSLO

James E Bothne - family

Legg inn av dn18457 » 26 mar 2006 22:09:52

Så var det spørsmål om å finne fram til borna til James E Bothne.
James er altså fødd i 1906, i Eddy County, ND og døydde i 1948, i Helena, Montana. I eit avisutklipp ved hans død (han døydde av hjarteåtak, vart funnen i hagen - litt dramatisk), står det at han etterlet seg tre born, Jaqueline, June og James jr. Han var på dette tidspunktet skild, og hadde flytta til Montana berre eit halvår tidlegare. Han etterlet seg også broren, Edwin, (1909-1950) og mora Nellie f. Jacobs. Edwin er gravlagd i New Rockford, ND, saman med faren Nils Bothne og ei Myrtle Bothne som kan vere kona til Edwin.

James E Bothne vart innrullert i WW II 1942, då var han gift, og kom frå Wayne, Michigan. Ved Census 1930, står ikkje James E Bothne oppførd, berre Edwin, Nellie og Nils Bothne, New Rockford, ND. Sannsynlegvis er James E no flytta ut og kanskje gift ?? (24 år) - det betyr at dei tre borna hans kan vere fødde omkring 1930.

I 1948 er dei to jentene, Jaqueline og June i East Aurora, New York, og sonen James jr. i Minneapolis.

Det hadde vore fint å funne ut meir om desse tre borna, som faktisk kan vere i live enno (om mønsteret med hjarteproblem og tidleg død har blitt brote!) --- Er Census 1930 for Michigan eit spor? Er det mogeleg å ringe inn i eit fødselsregister med eit ti-års spenn?

Er det mogeleg å spora opp når og kvar mora til James, Nellie Jacobs Bothne døydde? Ho var fødd i 1869, og levde altså til etter 1948, det kan sjå ut til at ho også var i Montana då, eller evt ein nabostat... og at Edwin også var i Helena... (men han er altså gravlagd i New Rockford i 1950..., ved sida av faren, Nils, og Myrtle Bothne - kona???)

Er takksam for hjelp til desse siste bitane... i denne familien..

mvh
Gerd

Svar

Gå tilbake til «USA/Canada»