Desse to kjøpte i 1805 halvparten av den gamle storgarden Glømsdal (gnr 104) i Bøverdalen, Søre Glømsdal. Dei fekk ikkje barn, og selde garden i 1820 og tok føderåd. Johannes d. 1844, Rannei ca 1861.
Spørsmålet gjeld altså kven desse to var. Mykje tyder på at dei kom frå Vågå.
Iflg. avskrifter i bygdebokarkivet for Lom var det i 1805 skifte etter Gudbrand Jonsson Me-Strond i Vågå. Mora var Rønnaug Olsd. Holen, og sysken m.a. Rannei Jonsd. g.m. Johannes Perss. Glimsdal. Men vi veit for så vidt ikkje at Gudbrand (og dermed Johannes) eigentleg kom frå Vågå.
I 1861 var det skifte etter Rannei Jonsdotter (død). Her framgår det at Johannes Persson var morbror til Syver Jakobsson Nedre Berge i Vågå, og at Jakob Sande i Vågå var medarving.
Johannes kan vere den same som «Store-Johan Glimsdal», som Johan Meyer nemner i verket «Fortids kunst i Noregs Bygder II Lom og Skjaak» (orig. 1909, faksimile 1977) s. 26, med teikning s. 27 av ein stol med dølaskurd han skal ha laga «paa sine gamle dage» (med årstalet 1835).
Bygdebokbudsjettet tillet dessverre ikkje oppfølging av originaldokument i nabokommunar. Men viss nokon kjenner til desse folka (kvar dei kom frå) kan eg altså få det inn i teksten på Glømsdal i Bygdabok for Lom bd 4: http://tilsett.hivolda.no/ak/Bbok_Lom/Bbok_Lom.htm
Johannes Perss. c. 1774 gm Rannei Jonsdtr, frå Vågå? til Lom
Moderator: MOD_Oppland
- Arnfinn Kjelland
- Innlegg: 424
- Registrert: 29 nov 2004 08:56:33
- Sted: VOLDA
- Kontakt:
Re: Johannes Perss. c. 1774 gm Rannei Jonsdtr, frå Vågå? til
Vet ikke helt om det er av relevans, men, i Årbok for Gudbrandsdalen 1964 s.221 skriver M.Høgåsen "Etter at dette er skrive, finn eg at Sjugurd Sve sat med garden (Øy i Vågå) berre nokre få år. Alt 2.mars 1778 selde han til Pål Knutson f.1729 4 huder for 1956 rd. Men Pål kom nok lell til Glimsdal, som tradisjonen har sagt. Han bytte gard med Rasmus Glimsdal"
- Arnfinn Kjelland
- Innlegg: 424
- Registrert: 29 nov 2004 08:56:33
- Sted: VOLDA
- Kontakt:
Re: Johannes Perss. c. 1774 gm Rannei Jonsdtr, frå Vågå? til
Takk for tilbakemeldinga i alle fall. Dette er nok eit ledd lenger bakover - det var sonen til Pål Knutsson som selde Søre Glømsdal til dei to eg spurde om i første meldinga.
Tilvisinga til opphavet til Pål tek eg likevel inn - eg har oversett innføringa i Årboka 1964 om han (trudde ikkje det var vits i å spørje om noko såpass gamalt
).
Tilvisinga til opphavet til Pål tek eg likevel inn - eg har oversett innføringa i Årboka 1964 om han (trudde ikkje det var vits i å spørje om noko såpass gamalt
Re: Johannes Perss. c. 1774 gm Rannei Jonsdtr, frå Vågå? til
Johannes vart døpt som Peder Sandnes dåpsbarn den 17. juli 1774 i Vågå. (Truleg er han den Johannes Pedersen som i 1801 "bruger den ½ gaard" saman med John Hansen Storvig)
Foreldrene til Johannes, Peder Johnsen og kona Anne Østensdotter på nordre Sandnes, skifta i live den 28. juni 1796 med borna: John 37 år, Østen myndig, Johannes myndig og Eldri ugift.
Eldri budde heime på nordre Sandnes i 1801 med ein son u/e, men vart gift 22. april 1802 med Jacob Olsen nedre Berge. Dei fekk m.a. sonen Syver f. 1805
Johannes Pedersen vart dermed morbror til Syver Jacobsen nedre Berge slik det er nemnd i skiftet etter Rannei Johnsdotter i 1861.
Johannes Pedersen og Rannei Johnsdotter gifta seg i Vågå den 8. juli 1802 med Christen Kjøpanger og Jacob Berge som kausjonistar.
(Ikkje overraskande finn vi Rannei i 1801 blant tjenestefolka på same garden Storvig der Johannes brukte halvparten.)
Rannei var døpt som John Holens dåpsbarn den 8. juli 1770. Ho var dotter til John Toresen Holen og kona Rønnaug Olsdotter frå Blessum nordre.
Dette går elles fram av eit skifte etter John Toresen som var død, på Holen i Vågå den 20. november 1776. Forutan enka Rønnaug er følgjande born oppført: Tore 26 år, Ole 18 år, Gulbrand 13 år, John 10 år, Rønnaug 23 år, Anne 15 år, Rannei 7 år og Kari 3 år.
(Gulbrand som det var skifte etter på Me-Strond i 1805, var altså bror til Rannei, og kan ikkje gå god for Johannes Pedersen som vagvèr slik eg ser det. Men du tenkte kanskje på ein annan måte?)
At enka etter John Toresen Holen var frå nordre Blessum, går fram av eit skifte på nordre Blessum den 11. april 1755, der ekteparet Ole Eriksen og Rønnaug Gulbrandsdotter skifta i live med borna, to søner og to døtre. Dottera Rønnaug står der oppført som gift med John Toresen Holen.

Takk for grei oppklaring. Det eg ikkje kunne rekne for sikkert, var om skiftet på Me-Strond etter GJ kunne nyttast som prov på at _Rannei_ var frå Vågå. (Spørsmålet galdt begge.)
Takk igjen for hjelpa!
Takk igjen for hjelpa!