Opphav til Petra Gundersdtr. 15 år taus på Thue i FT 1865 ?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn10177
Innlegg: 335
Registrert: 30. november 2004 kl. 20.23
Sted: MOLDE
Kontakt:

Opphav til Petra Gundersdtr. 15 år taus på Thue i FT 1865 ?

Legg inn av dn10177 » 25. juni 2005 kl. 18.08

Søk frå Per på http://home.no.net/pgjendem. Eg granskar nett no på PM Røwde si næraste slekt på Søre Sunnmøre og kjem til slutt til Vanylven. Men eg har ikkje tilgjenge på nyaste bygdeboka for Vanylven som vert verdsett høgt. Petra Gundersdtr. f. 1851 vert kona til Ole Martinusson fydd Landsverk i Syvde 1851 og som kallast Ole Martinsen på Kriken i FT Vanylven 1900. Her vert det opprekna 5 born; Marie, Gustav, Severin. Oliva og Anna. Desse er 1/2-sysken til Peter Mathias (PM) Britanus Røwde f. 1876 på Rovde nr. 3, Rovdestranda. Eg er viss på at einkvan sit med informasjonen eg vantar allereie. Skal eg gissa opphavet hennar, kjem eg til Storeide, Vanylven. Ver gild å røkje etter om nokon har funne Petra G. gjennom slektgranskinga si. Beste helsing frå Per Gjendem på Molde.

dn07378
Innlegg: 201
Registrert: 20. desember 2004 kl. 20.59
Sted: ÅRNES

Re: Opphav til Petra Gundersdtr. 15 år taus på Thue i FT 18

Legg inn av dn07378 » 25. juni 2005 kl. 21.23

Hei!

Under Kriken i Bygdebok for Vanylven - side 265 - br.nr.3 - Reiten:

1882-1920: Ole Martinussen Landsverk (1) 1852-1927 g. 1881 m. Petra Gunnarsdtr. Kriken (2) 1851-1930.

Ole hadde med m. Anna Paulsdtr. Rovde (5) sonen Peter Matias 23/9 1876 - 1955 g. 1902 m. Ragna Marie Bingen. Han vart grunnleggjar av det kjende forretningskonsernet P.M. Røwde.

Born: 1. Gustav 28/10 1885 -1979g. 1926 m. Anna Andersdtr. Grubse (1) 1880-1967. Dei hadde ikkje born. Han vart neste brukar.

2. Severin 25/8 1888 - 1972 g. 1923 m. Hertha Fuglerud 11/10 1892 - 1957 - born: Ottar 10/11 1928 g. 1955 m. Inger Enesrud, Aud 3/7 1927 g. 1954 m. Per Haugan 23/6 1929, Inger Johanne 11/5 1924 g. 1949 m. Waldemar Steen Stenersen , Gerd 28/12 1925

3. Olivia 27/5 1891 - g. 1918 m. Ingvald Jonsen, Hamre Salhus 7/3 1892 -1966. Born: Olav 16/4 1918-1967 ugift

4. Anna til Lien 1

Foreldra til Petra var Gunnar Christensen Kriken 1816-1878 g. 1843 m. Cecilie Paulsdtr. Eidså (1) 1818-1901. Born: Serine 1844 g.m. Rasmus Paulsen Lilleeide (1) 1833-1914. Budde på Myklebust (31) Syvde - Christen 1846-1938 neste bruker g. 1874 m. Berte Rasmusdtr. Torrevik, Davik 1850-1930 - Hellborg 1849 - Petra til Kriken 3 - Rasmine 1855 -Marta 1858.

Forfedrene til Petra finner vi i flere generasjoner på Kriken. Om du er interessert, kan jeg scanne en par sider og sende deg.

Odd Brede

dn10177
Innlegg: 335
Registrert: 30. november 2004 kl. 20.23
Sted: MOLDE
Kontakt:

Re: Opphav til Petra Gundersdtr. 15 år taus på Thue i FT 18

Legg inn av dn10177 » 12. juli 2005 kl. 13.23

Svar til Odd Brede frå Per på Molde

Det var kjekt å få opplysningar frå deg. Eg skjønar eg lyt kjøpe Vanylvssoga, nyaste utgåve. Eg skreiv for 14 dagar sidan til P.M. Røwdes stiftelse adr. Universitetet i Oslo, og vart losa til ein professor som er utplassert i Kenya til hausten. Så det vert ikkje noko materiell frå han før om nokre månader. Eg vert takksam om du sender meg ein fil. Skal yte gjengjeld snarast.

Vennleg helsing
Per Gjendem

Svar

Gå tilbake til «Vanylven»