Synnaforplassen på Spjelkavikneset

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kjell Jan Remø
Innlegg: 300
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Synnaforplassen på Spjelkavikneset

Legg inn av Kjell Jan Remø » 22. mars 2023 kl. 16.13

Hei !
Synnaforplassen ligg ein eller annan plass på Spjelkavikneset.
Ragnar Øverlid skriv i Borgund og Giske II, (side 211,  følgjande:
Synnaforplassen (nedlagd plass)  Låg på innmarka, sør for Løhaugen, og ned mot Dalsvika. Plassen vart rydda av Nikolai Willumsen frå bruk nr. 3, kring 1910.

Under emblemsbyga.com, har eg funne ein artikkel av Kåre Magerholm frå 1986. Magerholm skriv
Nikolai var frå ein plass som heitte Synnaforplassen på Leitevågen. Ein kan sjå ruinane etter husa der enno.

Leitevågen finn eg på norgeskart.no, men ikkje Løhaugen eller Dalsvika.  
Eg har også vore i kontakt med folk frå Spjelkavik, men dei hadde ikkje kjennskap til Løhaugen eller Dalsvika.

Denne Nikolai – som var smed – var ein av mine forfedre.

Det er vel høgst sannsynleg at ruinane som var synleg i 1986 er borte.
Likevel har eg eit ønske om å finne igjen plassen for å kunne ta eit bilde til eit prosjekt eg jobbar med.
Det hadde derfor vore ønskeleg om nokon med lokalkunnskap kunne gitt ei kort orientering om korleis eg kan finne fram til det som ein gang var Synnaforplassen.
Om noko har eit bilde frå plassen / området var det enno bedre.
 
 
 
 
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Brukeravatar
Ulf Ruud Simensen
Innlegg: 2500
Registrert: 30. april 2014 kl. 18.50
Sted: TOLVSRØD

Re: Synnaforplassen på Spjelkavikneset

Legg inn av Ulf Ruud Simensen » 24. mars 2023 kl. 14.32

Sender du en hyggelig Email til kommunen og spør om de kan finne plassen på et gammelt kart, kan det hende du får svar med kartutskrift.

Dette gjorde jeg til en kommune, hvor jeg lette etter et gammelt stedsnavn. 

Du må ikke forvente å få raskt svar, da dette ikke er prioritert oppgave, men jeg fikk i hvert fall et koselig svar med kartutsnitt fra et gammelt kart og litt mer opplysninger om navneendringer på steder og litt annet.

Ulf S

Kjell Jan Remø
Innlegg: 300
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Synnaforplassen på Spjelkavikneset

Legg inn av Kjell Jan Remø » 24. mars 2023 kl. 17.39

Hei !

Takk for tipset Ulf.


Utfordringa ligg i at plassen er nedlagt, og namnet har gått i gløymeboka.

Uansett, eg skal sende ein Email til kommunen.

 
 
 
 

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5738
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Synnaforplassen på Spjelkavikneset

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 24. mars 2023 kl. 22.04

77174 skrev: 22. mars 2023 kl. 16.13 Låg på innmarka, sør for Løhaugen, og ned mot Dalsvika. Plassen vart rydda av Nikolai Willumsen frå bruk nr. 3, kring 1910.

 
Dersom dette stemmer, er vel plasseringa nokså presis.
Løhaugen og Dalsvika kan du finne - m.a. på kartet som høyrer til denne jordskiftesaka: 
https://wcarkiv.domstol.no/wcarkiv/saks ... 2019410007
Klikk på kartnummeret, skriv inn e-postadressa di, så får du kartet i e-post etter eit lite minutt.


 
 

Kjell Jan Remø
Innlegg: 300
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Synnaforplassen på Spjelkavikneset

Legg inn av Kjell Jan Remø » 25. mars 2023 kl. 16.12

Hei !

Mange takk Ivar. 
Rett og slett imponerande !

No skal eg finne fram.

mvh
Kjell :D
 

 
 
 

Svar

Gå tilbake til «Ålesund»