Ministerialbok Veøy, Møre og Romsdal, 1721 - 1764

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Ministerialbok Veøy, Møre og Romsdal, 1721 - 1764

Legg inn av 4151 » 21 okt 2019 15:29:14

Side 29 er ei innføring eg er usikker på.
https://www.digitalarkivet.no/kb20070904660222
Det er ca midt på sida. På linja under er 13 Januarÿ, og deretter 14 Januarÿ.
Den 1? jan. Copul. Elling Olsøn Scdej? ??, Gier-
trud Olsd. NB.


Datoen las eg først som 15, men kan det vere rett etter som 13. og 14. kjem under?
Etternamnet er frå garden Skeide/Skeie i Måndalen. Men kva står etterpå. Kan det vere em
Han var enkjemann då han gifta seg med Gjertrud. Gjertrud og første kona, Guro Knutsdt., var slekningar, og derfor var det gitt løyve til giftarmålet ved kongebrev året før. Kanskje derfor det står NB.
Mvh
Kai L.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ministerialbok Veøy, Møre og Romsdal, 1721 - 1764

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 21 okt 2019 15:47:39

Trur du må velje mellom uheldig forma 2-tal og uheldig forma 5-tal... (men 5-talet krev at noko er feilplassert).
Men eg meiner altså det kan lesast som 2-tal (altså 12. jan).

Eg les "Elling Olsøn Schej oc, Giertrud Olsd: - NB"

Kongebrev høyrest ut som ei truleg forklaring på "NB"; men det nøyaktige svaret gjekk vel bort med presten...

4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: Ministerialbok Veøy, Møre og Romsdal, 1721 - 1764

Legg inn av 4151 » 21 okt 2019 16:30:46

Kjøper glatt den tolkinga.
Mange takk!
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»