Torbjørn Monsson Kletta

For etterlysninger som ikke kan plasseres på ett av undernivåene

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
5486
Innlegg: 11
Registrert: 13 jan 2005 21:40:58
Sted: SUNDE I SUNNHORDLAND

Torbjørn Monsson Kletta

Legg inn av 5486 » 15 feb 2005 15:31:51

Torbjørn er ein av mine aner, og han er fødd kring 1777. Den 01.01.1812 vart han gift med Herborg Gitlesdotter Haugen frå Strandvik i Fusa (den gongen Os). Dei festa plasset Tjøregjedlo under garden Kletta i Onarheim, Tysnes. Torbjørn hadde ei syster, Berta, som var fødd i 1776. Ho var sambuande med Lars Ellensen eller Ellingson og budde på plasset Nesset (Indrabøneset) under garden Sunda, også på Tysnes. Etter tradisjonen skal Torbjørn ha kome frå Voss ifølgjer bygdeboka (Tysnes 4), men også Austevoll og Sund er nemnde som moglege opphavstader. Eg er interessert i å finna opphavet deira. :)

8642
Innlegg: 27
Registrert: 01 des 2004 17:14:16
Sted: USKEDALEN

Re: Torbjørn Monsson Kletta

Legg inn av 8642 » 15 feb 2005 18:34:39

Hei Ansgar,

Kan dette vera Torbjørnen din ?
http://snipurl.com/csse
Det er einaste personen som heiter "Torbjørn" "Monsen" fødd 1777 som eg finn i 1801 tellinga.

Antar dette er same person konfirmert:
http://snipurl.com/cssj

Veit ikkje om dette fører deg vidare, men det er no eit forsøk.

Beste helsing
Hans Ordin Østebø

5486
Innlegg: 11
Registrert: 13 jan 2005 21:40:58
Sted: SUNDE I SUNNHORDLAND

Re: Torbjørn Monsson Kletta

Legg inn av 5486 » 16 feb 2005 11:10:18

Takk for det, Hans Ordin!
Eg trur eg har vore innom begge desse filene tidlegare. Problemet er at eg ikkje finn opplysningar om Berta Monsdotter her, og det gjer meg usikker på om eg er på rett spor. I bygdeboka Tysnes 4 står det forresten og at han vart kalla Bøe-en, noko som kan tyda på at han kom frå ein gard som heitte Bø eller Bøe. Dette styrker for så vidt funnet på Voss, men det er og mange Mons og Bøe i Austevoll.

Med helsing

Ansgar

Svar

Gå tilbake til «Hordaland - ukjent sted»