Nærøy Namdalen, Skifte 1826

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Nærøy Namdalen, Skifte 1826

Legg inn av Kjell Remø » 03 okt 2019 15:35:25

Sjå skifte etter etter Torstein Larsen Strand, nr. 34. (venstre side)

SAT, Namdal sorenskriveri, 3/3A/L0038: Skifteprotokoll nr. 27b, 1821-1828, s. 757b-758a Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20090219680626

Skiftet går med solid underdekning. Buet gir berre dekning til krav i klasse 1 (dvs. krav nr. 1,2.3.4 og 13,14,15 under ‘Udgifte’) og kostnader knytt til å avslutte buet.
Buet ender opp med at uprioiterte krav vert avspist med 6-54. (Samla uprioritert 60-92)

Størst tap får nr. 5 med 36 spd, heilt nederst på venstre spalte. Kva skjuler seg bak dette kravet?
Vidare lurer eg på krav nr. 10, høgre spalte. Det gjeld Johan Larsen for året 1818, men kva meir?
Og til sist: Dei 2-3 linjene som står heilt sist i oppgjeret , rett etter ‘Udlægge’ og endar med ‘Jens Kruuse Horvereid’. Kva står der?

mvh
Kjell

Knut Sæther
Innlegg: 224
Registrert: 30 des 2017 10:40:59
Sted: Øksendal

Re: Nærøy Namdalen, Skifte 1826

Legg inn av Knut Sæther » 03 okt 2019 16:30:21

Nr.6 (meiner du vel?): Stervboegaardens Aabod.

Nr. 10: Fordring for Løn

Til slutt: Alle og Enhver annammer efter Anførsel fuldt Udlæg af Auctionspengene hos Boets Incassator Jens Kruus Kolvereid.

Mvh. Knut.

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Nærøy Namdalen, Skifte 1826

Legg inn av Kjell Remø » 03 okt 2019 17:34:09

Hei !

Mange takk Knut ! :D

Spørsmål 1. Du har så rett. Eg meinte nr. 6. 'Stervboegaardens Aabod' betyr vel eine og aleine at min forfader (leiglending) har forsømt vedlikehaldet.

Spørsmål 2. Eit 8 år gamalt lønnskrav! På Strand har det verkeleg gått over stokk og stein ei lang periode.

Spørsmål 3. Sjå siste ordet. Eg meiner det står Horvereid - ikkje Kolvereid. I Nærøy bygdebok bind III finn eg på denne tid ein Jens Kruse på garden Horvereid i Kolvereid sokn.

Konklusjon: Torstein Larsen har ikkje hatt det enkelt.

mvh Kjell

Knut Sæther
Innlegg: 224
Registrert: 30 des 2017 10:40:59
Sted: Øksendal

Re: Nærøy Namdalen, Skifte 1826

Legg inn av Knut Sæther » 03 okt 2019 17:46:14

Kjell skrev:Spørsmål 3. Sjå siste ordet. Eg meiner det står Horvereid - ikkje Kolvereid.


Du har sjølsagt rett i det!

Mvh. Knut

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»