Skyssbåten HAPPY og skipperen

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Skyssbåten HAPPY og skipperen

Legg inn av 4151 » 30 aug 2019 13:25:04

Dette ligg kanskje litt på sida av etterlysinger her på forumet, men eg prøver likevel.
I 1973/74 var eg lege ved Ørland Flystasjon. På grunn av problem med legedekning i kommunen vart vi oppfordra om å delta i legevakttenesta. Når eg skulle i besøk på øyane ute i havet køyrde eg til Brekstad, der skyssbåten låg. Såvidt eg husker var det ei ca 40 fots skøyte med namnet HAPPY. Skippereren var ein eldre mann, veldig dyktig navigatør i all slags vêr. Dessverre har eg gløymt namnet.
Spørsmåla mine til lokalkjende folk er:
Kven var skipperen? Eksisterer HAPPY i dag?
Mvh
Kai L.

12244
Innlegg: 287
Registrert: 16 nov 2007 19:31:18
Sted: BUVIKA

Re: Skyssbåten HAPPY og skipperen

Legg inn av 12244 » 07 sep 2019 11:14:41

I 1953 ble det startet skyssbåttrafikk fra Garten til Storfosna/Kråkvåg som et kommunalt foretak. Gartingen Alf Kristiansen (1913-1999) ble ansatt som skysskar. Han hadde etter tur seks skyssbåter. Den siste het «Happy».
Alf Kristiansen sluttet som kommunal skysskar i 1978, da skyssbåtordningen til Storfosna opphørte.

https://www.yrjarheimbygdslag.no/beretn ... _happy.htm

Hilsen SG.

4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: Skyssbåten HAPPY og skipperen

Legg inn av 4151 » 07 sep 2019 12:16:28

Tusen, tusen takk for info!
Eg pleide å stå saman med han i styrhuset og slå av ein prat. I bekmørke og snøkave drog han gjerne ned ei vindusrute og lytta etter bròt og brenningar, forklarte lydane han høyrde, og kvar vi var.
Du veit ikkje om båten flyt i dag?
Mvh
Kai L.

12244
Innlegg: 287
Registrert: 16 nov 2007 19:31:18
Sted: BUVIKA

Re: Skyssbåten HAPPY og skipperen

Legg inn av 12244 » 07 sep 2019 13:02:09


4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: Skyssbåten HAPPY og skipperen

Legg inn av 4151 » 07 sep 2019 13:55:23

Fantastisk :D
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Ørland»