Fyrbøtar Alf Nielsen på D/S Arctic i Vestisen 1917

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Sigurd Eliassen
Innlegg: 74
Registrert: 05 des 2004 20:09:24
Sted: BRANDAL

Fyrbøtar Alf Nielsen på D/S Arctic i Vestisen 1917

Legg inn av Sigurd Eliassen » 09 mar 2019 19:32:05

Ei av dei store katastrofene i Vestisen var 8. eller 9. april 1917 då skutene Admiralen, Arctic, Aslak, Ceres I, Heim, Hercules II og Lunhein vart sporlaust vekke med alle mann.

Ein av dei som var med Arctic med skipper Gotfrid Lauritz Peter Olson Brandal, var fyrbøtar Alf Nielsen, visstnok 18 år og frå Kristiansand eller Kristiansund. Kjeldene er usikre.

Kristiansund kan like godt tyde ei av nabokommunene.

Eg prøver å registrere foreldre, syskjen og born til alle som vart borte i desse forlisa. I dette høvet treng eg hjelp for å kome vidare. Eg har ikkje funne han i dødsinnføringane i kyrkjebøkene i Kristiansund.

Er det nokon på forumet som kjenner til noko om denne Alf Nielsen?

Nokre minutt etter at eg la inn dette innlegget, fann eg han truleg i Ålesund. Konfirmert nr. 32 den 14. mai 1916 i Ålesund.

gj04035
Innlegg: 349
Registrert: 28 nov 2006 14:16:33
Sted: SVERIGE

Re: Fyrbøtar Alf Nielsen på D/S Arctic i Vestisen 1917

Legg inn av gj04035 » 10 mar 2019 10:03:14

Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Svar

Gå tilbake til «Kristiansund»