M. Mjelde - ljåsmed

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

M. Mjelde - ljåsmed

Legg inn av 4151 » 05 okt 2017 16:51:37

Eg har kome over nokre gamle ljåblad, både for langorv og stuttorv. Dei er stempla M. Mjelde.
Alle har vore i bruk, og no til dels med mykje rust på. Garden dei er funne på ligg på Sunnmøre, og har ikkje vore bebodd sidan ca 1950, så dei må vere innkjøpt før det.
Eg har høyrt at der i eldre tid kom båtar frå Bergensområdet og selde diverse produkt, m.a. ljåblad.
Etter googling har eg funne gardsnamnet Mjelde i Osterøy kommune, og lurer på om nokon kjenner til ein ljåsmed M. Mjelde?
Mvh
Kai L.

Jon Sværen
Innlegg: 310
Registrert: 28 jan 2006 21:42:50
Sted: BERGEN

Re: M. Mjelde - ljåsmed

Legg inn av Jon Sværen » 07 okt 2017 17:37:22

Osterøy Sogelag har ei god del databaser på nett. Bl.a inntekter i 1940.

Der vil du finna Mons M. Mjelde, smed, inntekt kr 1.600, formue 8.300 kr.

Ved å ta kontakt m/ Osterøy Sogelag vil du mogelig få kjennskap til om det er rette person eg her har funne.

4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: M. Mjelde - ljåsmed

Legg inn av 4151 » 07 okt 2017 19:10:39

Tusen takk for disse opplysningane!
Eg skal ta kontakt med Osterøy sogelag.
Legg bilde av ljåblada eg fann.
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Osterøy»