Hjelp i bygdebokarbeidet for Lom - Bøverdalen

Moderator: MOD_Oppland

Svar
Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 424
Registrert: 29 nov 2004 08:56:33
Sted: VOLDA
Kontakt:

Hjelp i bygdebokarbeidet for Lom - Bøverdalen

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 29 jan 2005 10:30:55

I Lom går det føre seg ferdigredigering av Bygdabok for Lom (gards- og ættesoga), som mange kjenner til (http://tilsett.hivolda.no/ak/Bbok_Lom/Bbok_Lom.htm). To band er ferdige pr dato, og det tredje (Fossbergom - Nesgrendi - Nedre Bøverdalen) nærmar seg fullføring. Band 4 vil ta for seg Bøverdalen sokn.

I samband med dette arbeidet er vi generelt interessert i informasjon om lomverar (pr def. personar som er fødd i Lom eller har budd her nokre år) frå band 3 og 4-området som så har flytt ut og har vore/er etablert andre stader i eller utanfor Noreg.

Om muleg vil vi da i tillegg til namnet og (ca) f. år gjerne vete: evt. dødsår, om personen er/var gift: namn, heimstad, f.- og d.-år for ektefelle/sambuar, kvar ho/han/dei budde og evt. kva dei dreiv med (yrke) viss kjent.

Slik informasjon kan evt. sendast ak@hivolda.no (men eg abonnerer sjølvsagt på dette forumet og får melding viss nokon legg inn informasjon).

På førehand mange takk for hjelpa!

Gry Onarheim Dahlmo
Innlegg: 4535
Registrert: 18 nov 2004 16:52:03

Re: Hjelp i bygdebokarbeidet for Lom

Legg inn av Gry Onarheim Dahlmo » 13 jun 2007 19:34:31

Hei igjen Arnfinn,

trekker tråden frem ... og håper du fikk hjelp av folk til boka :)
Vennlig hilsen Gry

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 424
Registrert: 29 nov 2004 08:56:33
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Hjelp i bygdebokarbeidet for Lom

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 13 jun 2007 21:45:06

Hei igjen, Gry.
Joda - nokre innspel har eg da fått (kanskje mest frå amerikanarar + ein systematisk gjennomgang av samband til Luster med Lars Øyane).

Siste boka er i sluttfasen, så eg tar framleis i mot tips om folk frå Bøverdalen.

Svar

Gå tilbake til «Lom»