Kari Nilsd Kvammen f. ca 1717

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Kari Nilsd Kvammen f. ca 1717

Legg inn av Kjell Remø » 17 mar 2017 11:08:05

Hei !
I gardssoga for Sykkylven finn eg ei Kari Nilsd. Kvammen (ca 1717 – 1795). Kari skal vere frå Stordal, og ho vart i 1744 gift med Peder Paulsen Fet (ca 1713-1786)

Spørsmålet er : Kven var Kari sine foreldre ?


I kyrkjeboka for Ørskog prestegjeld har eg funne vigselen og trulovinga.
Eg tek med linken til trulovinga (Ved vigselen er ikkje Qvamen teke med)
(Venstre side langt nede)
https://media.digitalarkivet.no/kb20070831610478

Når det gjeld koplinga til Stordal, har eg funne eit par som kan vere Kari sine foreldre.
I 1720 var det skifte etter ei Britte Pedersd. Kvammen (Qvamen)
Ho etterlet seg enkemann Niels Jacobsen
Vidare er følgjande barn lista opp: Niels, Knud, Peder, Marithe, Kari
Link til skiftekort
https://media.digitalarkivet.no/sk11216101309081
Link til skifte
https://media.digitalarkivet.no/sk20090123690162

Er det nokon som kan verifisere om Britte Pedersd og Niels Jacobsen Kvammen (Qvamen) er rett foreldrepar ev. om eg er på villspor?
På forhånd takk for alle innspel.

4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: Kari Nilsd Kvammen f. ca 1717

Legg inn av 4151 » 17 mar 2017 17:07:03

Eg meiner dette er rett. Har notert at Kari er fødd ca 1717, dvs før der er kyrkjebøker for området. Etter det eg har notert er Nils Jakobsen frå Heggen i Valldal. Foreldra var Jakob Heggen og Gulov Torsdotter. Foreldra til Britte Pedersdotter kjenner eg ikkje til. Eg er etterkomar etter søstra Marte Nilsdotter.
Mvh
Kai L.

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Kari Nilsd Kvammen f. ca 1717

Legg inn av Kjell Remø » 17 mar 2017 21:25:20

Hei !

Takk for tilbakemelding, og spesielt sporet vidare til Valldal.

Eg vil og tru vi har funne rett foreldrepar.

Etter det eg forstår, vart også søstera du ættar frå gift til Sykkylven.

mvh Kjell

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26 aug 2009 19:51:20
Sted: SYKKYLVEN

Re: Kari Nilsd Kvammen f. ca 1717

Legg inn av gj09903 » 17 mar 2017 22:19:07

I følge bygdeboka for Norddal er det slik som Kai seier: http://www.nb.no/nbsok/nb/192cb06f1900f ... dex=11#283
Og ein stad må vel bygdeboka ha teke desse opplysningane frå.

Problemet er at i skiftet etter Børge Nielsen Hjelme i 1755, er det oppgjeve som arvingar
1) fullbror Iver Nielsen Heggen,
2) fullsøster (Marthe) Nielsdtr. gift med Peder Knudsen Ringstad (på Stranda),
3) halvsøster Brithe Nielsdtr. gift med Gregorius (Nielsen) Bjørstad
https://media.digitalarkivet.no/sk20090126660212
Ingen Jacobssøner eller Jacobsdøtre er nemnde som halvsøsken her. Noko vedr. opplysningane i Norddal bygdebok ser difor ut til å vere feil.

4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: Kari Nilsd Kvammen f. ca 1717

Legg inn av 4151 » 17 mar 2017 22:41:46

Ja, det stemmer det. Marte Nilsdotter vart enkje tre gonger. I skiftet etter andre mannen, Knut Arnesen i 1742 finn eg dette side 161b:
https://media.digitalarkivet.no/sk20090126630588
Løeset i Walde skibbr.
Anno 1742 dend 12te Octobr. blef skifte foretagen eftter afgangne Knud
Arnesen imellem Encken Maritthe Nielsdatter med Laugverge Broderen Knud Nielβen Qvammen paa dend Eene, og til sammen aflede 2de Børne, Anders Knudsen gammel 4 aar for hvem faderbroderen Elling Nielβen Berge beskikkes til formynder, 2 Arne Knudβen gammel 1 ½ aar med formynder Ole Knudsen Melsett, og er da Boens formue i overværelβe af Lænsmanden Peder Honningdall Registeret og af de 2de Vurderingsmænd Sc. Anders og Bendix Glomset Taxeret for som følger:

Ættebøkene for Norddal er tilgjengelege på Bokhylla.no
Mvh
Kai L.

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Kari Nilsd Kvammen f. ca 1717

Legg inn av Kjell Remø » 17 mar 2017 22:56:15

Hei !

Takk for gode og interessante tilbakemeldingar.

I Nordal bygdebok ser eg at eldste barnet til Jakob og Gulov vart fødd i 1672. Ser vi på barna til Nils og Gulov er det nest yngste fødd 30 år seinare. I tillegg har vi Børge som er enno yngre. Over 30 år mellom yngste og eldste barn er vel berre muleg i teorien. Teorien min er dermed at Gulov ikkje kan vere mor til Nils sine barn.

mvh Kjell

4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: Kari Nilsd Kvammen f. ca 1717

Legg inn av 4151 » 17 mar 2017 23:11:11

Medan eg skreiv svar har Inge Asbjørn kome med eit vektig innlegg. Dette skiftet hadde eg ikkje sett, berre sett i bygdebøkene. I dette skiftet Inge Asbjørn viser til er det eit velhalde bu på nesten 260 riksdaler. Enkja får halvparten. Fullbroren dobbelt så mykje som fullsøstra og halvsøstra Brithe NielsDatter halvparten av det fullsøstra fekk!
Mvh
Kai L.

4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: Kari Nilsd Kvammen f. ca 1717

Legg inn av 4151 » 18 mar 2017 20:17:27

Det kan verke som bygdebokforfattaren har kjendt til skiftet etter Børge Nielsen Hjelme i 1755,
ettersom han har fotnote på Brite og skriv at ho er halvsøster til Iver, Marte og Børge.
I skiftet står Brite Nilsdotter, og ikkje Jakobsdotter. Og under Bjørstad (55) står ho også som Nilsdotter:
http://www.nb.no/nbsok/nb/192cb06f1900f ... index=2#71
Eg vil tru at om der var fleire halvsøskjen ville også disse vere med i skiftet.
Kan Gulov ha fått Brite med ein annan Nils? Eller er det Nils Byrgeson Alstad som er far med ei anna kvinne enn Gulov?
Under Hoel (209) finn eg Anne Nilsdotter Kvammen:
http://www.nb.no/nbsok/nb/192cb06f1900f ... ndex=2#339
Under Valldal (420) finn eg Magdeli Nilsdotter:
http://www.nb.no/nbsok/nb/671ed7406fa3e ... ndex=3#417
Og då kan vi vel utelukke Jakob som far til disse.
Så her er det mange spørsmåltegn.
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Stordal»