Ministerialbok 812 A02. 1752-1800. Sømna, Nordland

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Ministerialbok 812 A02. 1752-1800. Sømna, Nordland

Legg inn av Kjell Remø » 13 mar 2017 13:59:41

Hei !

På høgre side, venstre spalte, rett under første strek, finn vi: "kastet jord paa Guron Nilsd Henstenen, gl. 64 aar, død af..................." Eg får ikkje tak i oppgitt dødsårsak. På linja over vert det referert til Vig, men kva er datoen og det som står etter Vig.

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 812/L0173: Ministerialbok nr. 812A02, 1752-1800, s. 8
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20071002620326

Håpar nokon av dei mange flinke ekspertar der ute kan hjelpe.

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Ministerialbok 812 A02. 1752-1800. Sømna

Legg inn av gj04325 » 13 mar 2017 14:38:53

Fer: I Pentec: Vig. Com: 1 ved Sognebud.

Feria I Pentecoste = 1. pinsedag, som i 1755 fall på den 18. mai ifølgje Heskestads kalender for historie og ættegransking.

Com: = kommunikant (nattverdsgjest).

Dødsårsak: sædvanl. Gulsot.

Mvh. Knut.

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Ministerialbok 812 A02. 1752-1800. Sømna

Legg inn av Kjell Remø » 13 mar 2017 15:23:35

Hei !

Mange takk Knut.

Merkar meg at det bare er ein nattverdsgjest, og at ordet 'sognebud' er nytta.
Er det rett tolking at nattverden ikkje har funne stad i kyrkja, men at presten har vorte kalla ut til ein sjuk eller døyande ?

mvh Kjell

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Ministerialbok 812 A02. 1752-1800. Sømna

Legg inn av gj04325 » 13 mar 2017 16:20:46

Kjell skrev:Merkar meg at det bare er ein nattverdsgjest, og at ordet 'sognebud' er nytta.
Er det rett tolking at nattverden ikkje har funne stad i kyrkja, men at presten har vorte kalla ut til ein sjuk eller døyande ?

Ja, eg vil tru det må tolkast slik.

Mvh. Knut.

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»