Eg kan ikkje sjå at det står noko om opphavet til avdøde Boy/Boij Lobesen.
Enkja heiter Kristen Vedersen(?); men særleg første bokstaven i patronymet er eg usikker på.
Det er ein kreditor Villum Tams om lag midt i spalta til høgre, som har ein forbokstav som liknar mest (Villum er også skrive med ein annan V litt under).
Eg er klar over denne:
https://slektsforum.slektogdata.no/view ... 433#724433
(der det klart og tydeleg står "Pedersdatter"), men det er i tilfelle ein svært avvikande "P" samanlikna med skiftet elles.
Laugverja les eg som "Mr. [monsieur] Hans Risisig (han står i slutten av innleiinga, før opprekninga).
Arvingane er 2 søner: Lorentz 10 år og Petter 7 år, og 2 døtre: Anna "Joensdatter"(!) 8 år og Stinkken (Stintken?) 4 1/2 år. Dersom det står noko om formyndarar, har eg oversett det.
Det er ein kreditor som er kalla "Broder Bojsen". Det kan vere tilfeldig, men "Boj" var vel kanskje så sjeldsynt i Trondheim at det er verd å leite litt meir etter han.
I spalte 2 på neste side er "Broder" skrive med latinske bokstavar, som tyder på at det er eit namn (ikkje tittel).
For ordens skuld: Uekte barn hadde ikkje arverett etter faren, så dette kan i teorien vere ein son til avdøde. Men Boj kan også vere eit namn brukt i ei slekt, slik at far til Broder er ein annan Boj i slekta.
Buet er insolvent, utan full dekning for kreditorane, så det vart ikkje noko til fordeling på arvingane.