Kven var mor til Anders Arneson Hjelle (d. 1746)?

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
Brukeravatar
dn20237
Innlegg: 4
Registrert: 8. april 2006 kl. 13.08
Sted: OS

Kven var mor til Anders Arneson Hjelle (d. 1746)?

Legg inn av dn20237 » 16. juli 2016 kl. 19.43

Om min oldefars oldefars oldefar Anders Arneson, som budde på Ulven, finn eg tildels motstridande opplysningar, sjølv innanfor same kjelde.

Os-soga III, Ulven 1, seier:
"Anders Arneson Hjelle, f. ikr. 1678, bygsla bruket [i 1711]. G. 1712 Brita Lars dtr., f. ikr. 1670, som tente i Lysekloster då ho vart gift."

Os-soga III, Hjelle 2, seier:
"Arne Tomasson Hjelle, f. ikr. 1630, [gift] I ikr. 1660 Ragnhild Eivinds dtr., f. ikr. 1640, d. p. barseng 1669, g. II 1670 Kari Nils dtr. Bø (syster åt grannekona), f. ikr. 1642, d. 1688, g. III 1690 Marta Anders dtr. indre Haugland, f. 1651. Av 9 born, som me veit um, vaks 6 upp: Anna, f. 1661, g. 1683 Johannes ytre Tuen, s. y. T. 1, Brita, f. 1663, g. 1689 Bård Kuven, s. K. 2, Tomas, f. 1665, s. n., Ingeborg, f. 1676, Eivind, f. 1677, g. 1706 Kari Hauge, s. Kuven 2, Anders, f. 1691, g. 1712 Brita Lars dtr."

Det finst visst ikkje digitaliserte kyrkebøker frå så langt tilbake i tid. Er det nokon som har tips til korleis eg kan finne ut om det var Kari Nilsdotter eller Marta Andersdotter som var min tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-oldemor?

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Kven var mor til Anders Arneson Hjelle (d. 1746)?

Legg inn av dn03738 » 17. juli 2016 kl. 9.52

Ifølge 1701-manntalet var alderen til Anders Arnesen Gielle 14, det vil vel seie "på fjortande året", altså 13 år. Han skal då vere fødd ca. 1788.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webce ... =9508#ovre

Brukeravatar
dn20237
Innlegg: 4
Registrert: 8. april 2006 kl. 13.08
Sted: OS

Re: Kven var mor til Anders Arneson Hjelle (d. 1746)?

Legg inn av dn20237 » 18. juli 2016 kl. 0.16

Lurt tenkt, Torodd Kinn!
(Du meiner nok 1688, evt 1687.)

Då har vi tre heilt ulike fødselsår for Anders Arneson.
Men dette gjer vel Kari "syster åt grannekona" Nilsdotter
til ei meir sannsynleg mor enn Marta Andersdotter!

(Stundom må eg lure på kvar Nils Tveit henta
årstala i Os-soga ifrå.)

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Kven var mor til Anders Arneson Hjelle (d. 1746)?

Legg inn av dn03738 » 18. juli 2016 kl. 17.54

Ulf skrev:(Du meiner nok 1688, evt 1687.)


Ja. :oops:

tk

Svar

Gå tilbake til «Os i Hordaland»