Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Moderator: MOD_Emigranter
Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Eg arbeidar med slektningar som emigrerte i tida 1860 – 1910.
Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Kva var kravet for å bli amerikansk statsborgar ?
Var det krav til minimum opphaldstid ?
Kunne ein «ta land» utan å væra amerikansk borgar ?
Var det lang ventetid etter at søknad var sendt ?
Kunne dette ordnast på kontoret i aktuelt County ?
Er det råd å finna eit eksempel på søknadskjema frå den tida ?
Eg har søkt lenge etter informasjon på internett om dette tema, - utan resultat.

Re: Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Hei!
Kanskje du finner noen svar her: https://familysearch.org/wiki/en/United ... itizenship
Mvh Bente
Kanskje du finner noen svar her: https://familysearch.org/wiki/en/United ... itizenship
Mvh Bente
Re: Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Ja, takk, her var det mykje godt stoff. Men likevel vanskelig for ein som slit med å lesa engelsk. Men eg har kanskje fått den røde tråden som seier at det var enkelt å få statsborgerskap dersom ein fylte ut rett skjema. Og det tok ikkje lang tid.
Re: Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Ein annan "rød tråd" her er vel at det er ikkje berre eit svar på spørsmåla. T.eks. kravet om kor lenge ein måtte ha vore i landet endra seg ofte, vanleg for den perioden du nemner var vel rundt fem år i USA og eit år i den aktuelle stat. Korleis ein "tok land" endra seg og raskt etter kor mykje ledig land det var og kor interessert styresmaktene var i at landet vart dyrka opp. Rundt århundreskiftet var til dømes Canada svært interessert i å dyrke opp dei store præriestatane og ein kunne få fleire hundre mål jord for ei symbolsk registreringsavgift på nokre dollar. Men ein måtte dokumentere dei fyrste åra at ein makta å drive garden for å få "homestead". Eg veit ikkje om det var slik i USA og?
mvh
leif erik otterå
leif erik otterå
Re: Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Ja, takk. Eg forstår meir og meir at det kunne variera på fleire måtar. Både mellom Amerika og Canada og kor langt ut på 1900-talet dei
slo eg ned. Det ser ut som at alle mine slektningar måtte betala for jorda, sjølv om prisen var låg. Men det hadde vore interesant å sett søknadskjema for å få statsborgarskap. Eg går ut frå at også dette var fyldigare etter 1906.
slo eg ned. Det ser ut som at alle mine slektningar måtte betala for jorda, sjølv om prisen var låg. Men det hadde vore interesant å sett søknadskjema for å få statsborgarskap. Eg går ut frå at også dette var fyldigare etter 1906.
Re: Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Terje skrev:Ja, takk. Eg forstår meir og meir at det kunne variera på fleire måtar. Både mellom Amerika og Canada og kor langt ut på 1900-talet dei
slo seg ned. Det ser ut som at alle mine slektningar måtte betala for jorda, sjølv om prisen var låg. Men det hadde vore interesant å sett søknadskjema for å få statsborgarskap. Eg går ut frå at også dette var fyldigare etter 1906.
-
Astrid Mollan
- Innlegg: 4305
- Registrert: 01 mar 2009 18:46:27
- Sted: KRISTIANSUND N
Re: Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Er du sikker på at det var et søkeskjema? Kanskje de møtte opp på kontoret og ga informasjonen muntlig til en funksjonær som skrev det ned? Jeg tror at noen måtte bevitne skriftlig at det de oppga var korrekt?
Astrid M
Re: Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Det finnes en del eksamplarer av "Petition for Naturalization" (Søknad om statsborgerskap) på Ancestry.
Legger ved det som en i min familie har fylt ut.
Mvh Bente
Legger ved det som en i min familie har fylt ut.
Mvh Bente
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Re: Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Eg fekk ikkje opp vedlegget.
Sjølv om eg ikkje har funne søknadskjema frå tida før 1906, så ser eg at det var begrensa krav om opplysningar. Går ut frå at dei måtte fylla ut namn pluss 5 punkt:
- Innreisehamn
- Dato for ankomst
- Alder
- Bustad
- Ei eller anna form for lojalitetserklæring til Amerika.

Nei, eg er ikkje sikker at dei måtte fylla ut eit skjema. Det kan godt hende at ein funksjonær bak skranken noterte og registrerte. Men sidan eg sjølv har vore byråkrat i Norge heile mitt liv, så var det for meg utenkeleg at ting kunne ordnast utan skjema i Amerika. Men alle eksempla eg har funne på internett, tyder på at det vart mykje meir formelt etter 1906.
-
Astrid Mollan
- Innlegg: 4305
- Registrert: 01 mar 2009 18:46:27
- Sted: KRISTIANSUND N
Re: Korleis bli amerikansk statsborgar ?
Så få opplysninger tror jeg det var nok å oppgi en periode.
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Astrid M