Malene Joensdatter, gift med Daniel Danielsen

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
gj24234
Innlegg: 3
Registrert: 26. juni 2015 kl. 18.47
Sted: Stranda

Malene Joensdatter, gift med Daniel Danielsen

Legg inn av gj24234 » 26. juni 2015 kl. 19.20

Kan nokon hjelpe meg å finne kvar og når Malene var født?
(truleg født i åra 1790-1800)

Malene budde på Grønnestølen i Fana når ho gifte seg med Daniel Danielsen (1791) fra Tuft, Ous, i 1815. Dei bur framleis på Grønnestølen i 1816, men flyttar så til Bergen, adresse 15-83.

Dei fekk desse borna
Karen 1816
John 1819
Christian Fredrik 1822 (død 1825)
Daniel 1825
Elisabeth Christine Frederikke 1829
Karen Malene 1833 (død 1838)
Christian Fredrik 1837

Kan far til Malene vere Jon Jonson (Koldal), født 1767 i Os (Fusa), som var pakter på Grønnestølen i 1815?

Er svært takknemlig for hjelp!

Mvh Kristin Lovise

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Malene Joensdatter, gift med Daniel Danielsen

Legg inn av dn03738 » 27. juni 2015 kl. 18.02

Kan dette vere Malene i 1865?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8249020958

I så fall er ho fødd i Os prestegjeld, slik du antydar at faren kan ha vore, og fødd ca. 1794.

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Malene Joensdatter, gift med Daniel Danielsen

Legg inn av dn03738 » 27. juni 2015 kl. 18.19

Her tenker eg vi har henne, høgre side, døypt 23. juli 1794, vel å merke kalla "Magdela":

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Os, Ministerialbok nr. A 11 (1789-1815), Kronologisk liste 1794, side 43.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-46
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 670728.jpg

Foreldre: Jon Jonsen Kaaldal og Lisbeth Helgesdr.

Koldal ligg i Eikelandsosen i Fusa. Fusa var ei sokn i Os på denne tida.

Både Magdela og Malene er variantar av Magdalena, så det er ikkje utruleg at ein og same person går under begge.

tk
Sist redigert av dn03738 den 27. juni 2015 kl. 18.25, redigert 1 gang totalt.

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Malene Joensdatter, gift med Daniel Danielsen

Legg inn av dn03738 » 27. juni 2015 kl. 18.21


Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Malene Joensdatter, gift med Daniel Danielsen

Legg inn av dn03738 » 27. juni 2015 kl. 18.24


gj24234
Innlegg: 3
Registrert: 26. juni 2015 kl. 18.47
Sted: Stranda

Re: Malene Joensdatter, gift med Daniel Danielsen

Legg inn av gj24234 » 27. juni 2015 kl. 23.04

Tusen takk for denne utruleg gode hjelpa, Torodd Kinn!

Eg har søkt etter henne i snart 2 år no. Vart nyskjerring på om den Jon Jonsen eg las om i artikkelen "Paktaropprøret i Bergen", om ikkje det kunne vere den same Jon / Joen som var Malene / Magdela sin far.

Eg har tidlegare funne den same Malene som enke og fattiglem, men fann elles ingen andre spor. Kjempekjekt at eg no med di hjelp har kome båe eitt og to steg vidare i slektsøket kring Bergen / Fana / Os :)

Noko anna som stadfestar at det må vere rett Malene, er den yngre broren Jon Jonson. Ein av fadderane til Malene sin son John, er ein John Johnson Grønnestølen, og det var då var nærliggande å tenkje at denne John kunne vere bror til Malene.

Er bustadane Koldal og Klyve namn på to eller fleire gardar? Og veit du om dei eksisterer i dag, eller om tuftene står?

Igjen, hjertelig takk!

Mvh
Kristin Lovise

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Malene Joensdatter, gift med Daniel Danielsen

Legg inn av dn03738 » 28. juni 2015 kl. 9.31

Hei!

Hyggeleg å kunne hjelpe!

"Klyve" må nok vere Klyva i Os. Om du går til norgeskart.no og søker, finn du både Koldal og Klyva.

Koldal ser ut til å vere delvis "slukt" av tettstaden Eikelandsosen.
Klyva ligg på vegen mellom Osøyro og Hatvik, som er ferjestaden mot Fusa.

Elles kjenner eg ikkje plassane, sjølv om eg bur i Os -- innflyttar, ser du.

Torodd

gj24234
Innlegg: 3
Registrert: 26. juni 2015 kl. 18.47
Sted: Stranda

Re: Malene Joensdatter, gift med Daniel Danielsen

Legg inn av gj24234 » 28. juni 2015 kl. 13.47

Hei Torodd!

Tusen takk igjen! :D

Mvh
Kristin Lovise

Svar

Gå tilbake til «Bergen»