Høyland Rogaland, Ministerialbok (1857-1877), barn 170

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 08 mar 2009 16:40:43
Sted: ORRE

Høyland Rogaland, Ministerialbok (1857-1877), barn 170

Legg inn av gj08969 » 15 mai 2015 10:23:10

Kan nokon som er meir erfaren i å lesa kyrkjebøker enn meg bidra med å tolke informasjonen om far til barn nr 170, Gurine, på denne sida. Klarer det meste, men må melde pass på ein del av informasjoen om faren.

"Pige Juditte Thorkelsdtr. Store Øglend Stokke og Giftmand (?) ............ Rasmus Rasmussen .......... af Sirdalen."

Veit frå andre kjelder at Rasmus var jernbanearbeidar.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-133

Takksam også om nokon evt. har meir informasjon om Rasmus og Judit. Har rimeleg god kjennskap til dottera Gurine sitt vidare liv.

Brukeravatar
gj05668
Innlegg: 12190
Registrert: 17 okt 2007 20:33:23
Sted: STØ

Re: Høyland Rogaland, Ministerialbok (1857-1877), barn 170

Legg inn av gj05668 » 15 mai 2015 10:36:00

Jeg leser det slik:

Pige Juditte Thorkelsdtr. Store Øglend Stokke og Giftmand Jernbanearbejder (murer ) Rasmus Rasmuss. Landside(?) af Sirdalen.
Gårdsnavnet er jeg svært usikker på. :?

Mvh Paul

gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 08 mar 2009 16:40:43
Sted: ORRE

Re: Høyland Rogaland, Ministerialbok (1857-1877), barn 170

Legg inn av gj08969 » 15 mai 2015 11:01:39

Mange takk, skal leite etter gardnamn i Sirdal, og sjå om eg finn noko liknande :)

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Høyland Rogaland, Ministerialbok (1857-1877), barn 170

Legg inn av gj04325 » 15 mai 2015 11:05:58

I klokkarboka er gardsnamnet Sandnæs, og det er nok det same som står i ministerialboka òg.

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Høyland i Høyland, Klokkerbok nr. B 2 (1874-1886), Fødte og døpte 1877, side 37.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-41
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 010294.jpg

Mvh.Knut.

60674
Innlegg: 727
Registrert: 06 sep 2012 16:01:01
Sted: KRISTIANSAND S

Re: Høyland Rogaland, Ministerialbok (1857-1877), barn 170

Legg inn av 60674 » 15 mai 2015 14:40:50

Jeg fant ingen gardsnavn i Sirdal som var Sandnæs/Sandnes/Sannes.
Men Sinnes derimot...
Høyland kirke ligger vel i Sandnes, Rogaland? Så det er fort gjort å blande (- høre feil)?

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Høyland Rogaland, Ministerialbok (1857-1877), barn 170

Legg inn av gj04325 » 15 mai 2015 15:33:17

Bjørn skrev:Jeg fant ingen gardsnavn i Sirdal som var Sandnæs/Sandnes/Sannes.

Gardsnamnet som folk var utstyrte med, var ofte bustadadressa på registreringstidspunktet. "Etternamnet" kunne derfor skifte etter som dei flytta på seg. Det treng såleis ikkje vere tale om garden vedkommande opphavleg kom frå.

Eg ser at gardsnamnet Sandnæs finst i Høyland i FT 1865.

Mvh. Knut.

gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 08 mar 2009 16:40:43
Sted: ORRE

Re: Høyland Rogaland, Ministerialbok (1857-1877), barn 170

Legg inn av gj08969 » 15 mai 2015 18:28:08

I kyrkjebøkene i Strand står det så tydeleg at sjølv eg kan lese det Svines, Sirdal både ved Gurine sin konfirmasjon og 1. ekteskap. Sidan ho openbart er oppvaksen på Tau, trudde eg (før eg fann ut at ho var fødd utanfor ekteskap) at faren var frå garden Svines i Strand og at referansen til Sirdal hadde ei anna forklaring.

Sidan Rasmus Rasmussen neppe har tilknytting til Svines i Strand - og sidan det verken finst Svines eller Sandnes i Sirdal, kjøper er teorien om at det faktisk dreier seg om Sinnes. Men eg har så langt ikkje funne gode Rasmus-kanddatar der heller, var han fødd ca 1841 var han vel busett annan stads både ved 65 og 75 FT.

Her er biletlenkjer til Gurine sin konfirmasjon og lysing:
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 040180.jpg
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 020319.jpg

Reknar også med at mora Juditte - er den Judit Torkelsdtr som vaskar flasker på Tau bryggeri i 1900. Ho står med sivilstan gift, men eg har ikkje funne spor av annan mann i livet hennar enn denne Rasmus.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 7274000875

Takk for tips og hjelp (så langt)

gj21206
Innlegg: 180
Registrert: 20 feb 2014 14:12:29
Sted: Hafrsfjord

Re: Høyland Rogaland, Ministerialbok (1857-1877), barn 170

Legg inn av gj21206 » 15 mai 2015 20:28:50

Hei.

Jeg tolker det slik:
Når Gurine blir døpt bor Rasmus på Sandnes og er fra Sirdalen
Judit bor på Stokka og er fra Store Øglend,Høle (Store Ugland)
Ved konfirmasjon og vielse bor Rasmus på Sinnes

Det er muligens han som er her.
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8194002152

gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 08 mar 2009 16:40:43
Sted: ORRE

Re: Høyland Rogaland, Ministerialbok (1857-1877), barn 170

Legg inn av gj08969 » 15 mai 2015 22:07:00

Ingunn skrev:Hei.

Jeg tolker det slik:
Når Gurine blir døpt bor Rasmus på Sandnes og er fra Sirdalen
Judit bor på Stokka og er fra Store Øglend,Høle (Store Ugland)
Ved konfirmasjon og vielse bor Rasmus på Sinnes

Det er muligens han som er her.
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8194002152



Har sett på og vudert den Rasmus på Sinnes. Passar ikkje heilt med alderen - og det at han er sjølveigande bonde talar vel og litt i mot, men eg får få tak i gards- og ættesogene for Sirdal og sjå om eg blir klokare :)

gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 08 mar 2009 16:40:43
Sted: ORRE

Re: Høyland Rogaland, Ministerialbok (1857-1877), barn 170

Legg inn av gj08969 » 15 mai 2015 23:32:54

Har studert Gards og ættesoge for Sirdal, Band I. Her finn eg denne Rasmus, men her nemd som Rasman Rasmansen, tydeleg det lokale namnet forfina til Rasmus av embetsverk og presteskap.
Jfr Gards- og ættesoga blei denne Rasman teken av eit snøras ei gong mellom 1877 og -81 - men aldri funnen og gravlagd, og kan såleis teoretisk vera far til Judit.
Kona hans var Torbjørg var enkje og 49 år då dei gifte seg - han var 23. Dei hadde då (naturleg nok) ingen barn saman.

http://www.nb.no/nbsok/nb/65cea9b257712 ... ndex=4#281

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»