Bygdebøker for Lesja

Moderator: MOD_Oppland

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Bygdebøker for Lesja

Legg inn av dn27834 » 06 apr 2014 15:08:20

Morfar min, Paul Tomasen Ringstad ( født 21.11.1886 Andersplassen, N-Fron) gift med Julie Larsdtr Selelstadeie (Listadvolden S-Fron født 21.2.1890), var (m.a. gardbrukar på eige gardsbruk Dalen i S-Fron etter 1922) jarnvegsarbeidar på Dovrebana og Raumabana frå ca 1910 til midten av 1920-åra. Bessfar hadde med seg kone og barn det første 10-året, og leigde seg husvære mesteparten av tida i Lesja kommune. Eg ville gjerne vite litt meir om desse stadene dei budde:
I 1914 budde dei på Stavem, Lora, 1917-1919 på Bryggja, 1920 på Nystuen, Bjorli. Bustadene har eg funne ved oppslag i kyrkjebøkene over bustad ved dåp til barna.
Kva for band av bygdabøkene bør eg få biblioteket til å fjernlåne til meg, som dekkjer dei ymse gardane?

På førehand takk.

Mvh
Wenche

gj16193
Innlegg: 129
Registrert: 02 mai 2012 15:11:43
Sted: Vinstra

Re: Bygdebøker for Lesja

Legg inn av gj16193 » 07 apr 2014 01:06:01

Wenche: Dei plassane du nevner er i band ein og to av bygdebøkene. Det er sjølvsagt triveleg å bla i boka, men du finn dei og på nasjonalbiblioteket. Alle tre banda er digitalisert.
http://www.nb.no

Magne Østhus
Innlegg: 7779
Registrert: 09 mai 2010 01:22:17
Sted: LØKKEN VERK

Re: Bygdebøker for Lesja

Legg inn av Magne Østhus » 07 apr 2014 01:11:12

Hei !

Om du låner alle så har du nok muligheter til å finne det som du leter etter, tror det er fire bind av dem ?

Lykke til videre.

Mvh. Magne :)

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Bygdebøker for Lesja

Legg inn av dn27834 » 07 apr 2014 10:21:12

Tusen takk begge to, da skal eg finne fram. Er "ferdig" med farfar-slekta, nå er det morfar-slekta eg tek føre meg. Og da tykkjer eg det er bra med litt ekstra "påfyll" om stadene dei budde på.

Mvh
Wenche

gj16193
Innlegg: 129
Registrert: 02 mai 2012 15:11:43
Sted: Vinstra

Re: Bygdebøker for Lesja

Legg inn av gj16193 » 07 apr 2014 11:22:59

Hei. Det var bra.
Sjølv om eg har bøkene og bruker dei flittig er faktisk dei digitaliserte utgåvene fine pga at eg kan søke på navn. Eit søk på Ringstad i band nr 1 ga fire treff... :-)

Svar

Gå tilbake til «Lesja»