Peder Hansson Engelhusløkken – oppslag i bygdeboka

Moderator: MOD_Oppland

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Peder Hansson Engelhusløkken – oppslag i bygdeboka

Legg inn av gj04325 » 25 jan 2014 20:24:25

Mellom dei døde i Romfo sokn i Sunndal på Nordmøre i 1837 finn vi ein husmann Peder Hansson Engelhusløkken, og det står at han var frå Lesja – sjå nr. 42:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A04 (1832-1846), Døde og begravede 1837, side 219.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-188

Så vidt eg kan sjå er Engelhus (eller Engelshus) eit namn i Dovre, så mannen kan stamme derifrå. Kunne nokon som har tilgang til gards- og slektshistoria for Dovre tenkje seg å slå opp og sjå om det kan stå noko om denne personen der, ville eg setje stor pris på det. Ut frå den oppgjevne alderen i kyrkjeboka var denne Peder Hansson f. ca. 1765.

Mvh. Knut

gj16193
Innlegg: 129
Registrert: 02 mai 2012 15:11:43
Sted: Vinstra

Re: Peder Hansson Engelhusløkken – oppslag i bygdeboka

Legg inn av gj16193 » 25 jan 2014 22:26:37

Hei
Står ikkje i bygdeboka, men brukaren på Engelshuslykkja heitte Hans i 1770. Det er også fleire frå denne plassen som har vore på nord-møre og i romsdal.

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Peder Hansson Engelhusløkken – oppslag i bygdeboka

Legg inn av gj04325 » 25 jan 2014 23:46:57

Takk for hjelpa!

Mvh. Knut

gj16193
Innlegg: 129
Registrert: 02 mai 2012 15:11:43
Sted: Vinstra

Re: Peder Hansson Engelhusløkken – oppslag i bygdeboka

Legg inn av gj16193 » 26 jan 2014 00:26:13

Det står nevnt ei Fredrikke eller Ederikke Pedersdatter som kom frå fosen i romsdalen som fekk born med ein seinare brukar på plassen. Er det kanskje ein samanheng? ho står som f. i 1820

gj08391
Innlegg: 4450
Registrert: 01 jan 2009 20:12:07
Sted: GRINDER

Re: Peder Hansson Engelhusløkken – oppslag i bygdeboka

Legg inn av gj08391 » 26 jan 2014 07:45:41

Finner en Peder Hansen gift 17 feb 1805 her høyre side med Hans Engelhuus som causjonist.
Peder var da soldat og bosted Talleraas.Kan jo være han da.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-323

Han er da ca 40 år, kanskje litt for gammel til å være soldat????

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Peder Hansson Engelhusløkken – oppslag i bygdeboka

Legg inn av gj04325 » 26 jan 2014 10:30:03

Takk til Jan Roger og Oddgeir for nye innspel. Ja, denne brudgommen Peder Hansson i 1805 kan vere ein kandidat. Elles kan vel kausjonisten Hans Engelshus tenkjast å vere identisk med denne husmannen Hans Iversen vi finn på Engelshus i 1801:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =2629#ovre

Det var to barn med namnet Peder Hansson som vart døypte i Dovre i 1771 og 1772, utan at eg har funne spor som kan knyte nokon av desse til han som døydde i Sunndalen.

Eg veit ikkje kor lenge Peder Hansson Engelhusløkken oppheldt seg i Sunndal. Kanskje var han berre på gjennomreise. Det som er nokså sikkert, er at han ikkje fekk nokon barn der.

Mvh. Knut

Svar

Gå tilbake til «Dovre»