Kyrkjebok, Kinn, Sogn og Fjordane, 1696, døde

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14 jun 2008 11:27:45
Sted: OS

Kyrkjebok, Kinn, Sogn og Fjordane, 1696, døde

Legg inn av dn03738 » 08 des 2013 06:56:30

Høgre side, kolonnen "Mort.", altså døde:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 1 (1689-1729), Kronologisk liste 1689-1729, side 29.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-31

Her prøver eg å lese (eit stykke ned)

... d. 8 Mart. 96
Huusmand ...
... Hans
Lars. Tantsøen et
... Gunille
Andersdatter
... Huus mand

Mykje eg ikkje klarar, og sikkert noko eg les feil!
Klarar nokon å fylle ut og korrigere feillesingar?

Eg lurer på om Hans Larsson og Gunnilde Andersdotter var eit ektepar, eller om dei berre var døde samtidig.

Helsing Torodd

Else Berit Rustad
Innlegg: 17824
Registrert: 03 nov 2006 09:10:00

Re: Kyrkjebok, Kinn, 1696, døde

Legg inn av Else Berit Rustad » 08 des 2013 10:21:32

Denne var ikke helt god, og det er enkelte ting jeg ikke helt skjønner her, men leser det slik:

Kind d. 8 Mart. 96
Huusmand at..
Marit(?) och Hans
Lars. Tansøen et
uxor Gunille
Andersdatter.
Eric(?) Huus mand


Mvh
Else B.

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Kyrkjebok, Kinn, 1696, døde

Legg inn av gj04325 » 08 des 2013 10:25:13

Her var det mykje latin, så eg skal trø varsamt. Men står det ikkje "et uxor" mellom namna til Hans og Gunille? I så fall var dei eit ektepar:

http://en.wikipedia.org/wiki/Et_uxor

Mvh. Knut

Da ser eg at Else òg tyder orda til et uxor.

Brukeravatar
Åsbjørg Susort
Innlegg: 628
Registrert: 10 okt 2012 18:59:15
Sted: STAVANGER

Re: Kyrkjebok, Kinn, 1696, døde

Legg inn av Åsbjørg Susort » 08 des 2013 11:10:55

I følge google translate betyr
at s maritus (latin) "men ektemann"...???
Vennlig hilsen
Åsbjørg

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Kyrkjebok, Kinn, 1696, døde

Legg inn av gj04325 » 08 des 2013 14:55:56

Det første ordet i den fjerde siste linja kan vel tydast til Kind.

Etter å ha ”bladd” litt i denne kyrkjeboka og studert meir av det som står skrive, ser det ut til at det som her er tyda til Huusmand er notert ved dei fleste innførslene av døde, og både hos menn, kvinner og barn (og i nokre tilfelle plassert framfor datoen). Eg lurer derfor på om det kan dreie seg om noko anna. For meg ser det ut som det kan stå humo mandata (ev. mandatus) eller noko i den lei. Det kan verke som om det dreier seg om eit (latinsk) standarduttrykk presten brukar. Eg har ikkje funne noko sikkert svar på kva desse framande orda i så fall er meint å uttrykkje. Men humo ser ut til å bety ”bakken” (jf. humus: ”jord”), og mandat er jo det same som ”fullmakt”, ”oppdrag”, ”instruks”. Meiner presten å gjere merksam på at det var utført ei pålagt jordfesting/jordpåkasting?

Kanskje er eg på villspor, men vart freista til å lufte desse tankane likevel. Så får dei lærde eventuelt ta til motmæle.

Mvh. Knut

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14 jun 2008 11:27:45
Sted: OS

Re: Kyrkjebok, Kinn, 1696, døde

Legg inn av dn03738 » 08 des 2013 15:52:33

Tusen takk for alle forsøka på hjelp!
No ser eg òg at det ved døde står "humo mandatus" for menn og "humo mandata" for kvinner, og det betyr "gitt (tilbake) til jorda", dvs. gravlagd. Med tillegg av "et uxor" får eg då:

Kind d 8 Mart 96
humo mandati (?)
maritus Hans
Lars Tantzøen et
uxor Gunille
Andersdatter

'Kinn den 8. mars 1696 gravlagde gift mann Hans Larsson Tansøya og kona Gunnilde Andersdotter'

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»