Peder Pedersen Løvaasen og svogeren Rasmus Nilsen Løvaasen

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15 jan 2012 13:38:58
Sted: Fosnavåg

Peder Pedersen Løvaasen og svogeren Rasmus Nilsen Løvaasen

Legg inn av gj15561 » 18 jul 2013 00:16:14

I skiftet etter ei Anne Olsdatter Dokset (Dogsetter) i 1794 i dagens Stryn kommune, Sogn og Fjordane, dåverande Innvik prestegjeld, kjem det fram at døttrene hennar, Anne f. 1761 og Synnøve f. 1765 Olsdøttre, var gifte med henholdsvis Rasmus Nilsen Løvaasen og Peder Pedersen Løvaasen.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 19 , 1790-1795, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24239/469/

I 1801 finn eg ein Rasmus Nilsen og kone Anna Olsdatter med born busette på garden Løvaas i Agerø sogn. Håpet er at eg her har funne kvar Peder og Rasmus som vart gifte i Stryn er frå.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8425000532

Hovedfokuset mitt er Peder Pedersen Løvaasen og det eg hovedsaklig ønsker å få vite er om denne personen er å finne med tilknytning til Løvås i Agerø sogn. Er Peder å finne i sogebøkene til Johan Julnes? Kva står evt. om han og også familien hans der...

Om Peder som budde i Stryn veit eg at han som nemndt gifte seg med Synnøve Olsdatter og busette seg etterkvart på garden Ytre Skarstein i Olden. I 1801 finn ein då der Peder 45 år og Synnøve ilag med sønene Ole f.1793, Peder f. 1800 og dattera Synnøve f. 1796 (verifiserte årstal). Eg har ikkje funne giftemålet mellom Synnøve og Peder i Innvik og mistenker ein mulig vielse på heimstaden til Peder? Sonen Ole vart fødd medan familien budde på Dokset. Synnøve vart fødd medan dei oppheldt seg på Dybvold og Peder etter at dei var flytte til Skarstein.

Peder og Synnøve 1801 Skarstein
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8410003318

Håpar nokon kan hjelpe meg med å finne ut av dette.

mvh
Morten Sylte
Sist redigert av gj15561 den 18 jul 2013 09:09:25, redigert 1 gang totalt.

3347
Innlegg: 1025
Registrert: 03 des 2004 03:29:53
Kontakt:

Peder Pedersen Løvaasen og svogeren Rasmus Nilsen Løvaasen

Legg inn av 3347 » 18 jul 2013 01:23:13

Ifølge J. Julnes Bygdebok for Fræna IV var Rasmus Nilsen Løvaas frå Nordfjord. Eg kan ikkje sjå nokon Peder Pedersen Løvaas nemnt. Ellers var det fleire som slo seg ned her frå Nordfjord og Sogn.

Lenka di til skiftet har ein i for mykje på slutten trur eg.

Brukeravatar
Svehn Ruskelöv
Innlegg: 2593
Registrert: 31 jul 2012 10:30:01
Sted: Sverige

Re: Peder Pedersen Løvaasen og svogeren Rasmus Nilsen Løvaas

Legg inn av Svehn Ruskelöv » 18 jul 2013 01:28:13

Hei!

Her er vielsen til soldat "Peder Pedersen Dybvold" og "Synneve Olsdtr. Dogsetter" i juli 1791 i "Innvik", v. side ca. midten : http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-284

Her er konfirmasjonen til "Peder Pedersen D(u)ybval?" 16 år gammel år 1777 i "Innvik", v.side v. rad : http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-19
Mvh,Svehn

Brukeravatar
Svehn Ruskelöv
Innlegg: 2593
Registrert: 31 jul 2012 10:30:01
Sted: Sverige

Re: Peder Pedersen Løvaasen og svogeren Rasmus Nilsen Løvaas

Legg inn av Svehn Ruskelöv » 18 jul 2013 01:44:10

En "Rasmus Nielsen Lödöen" gifter sig i nov. 1790 med "Anna Olsdtr. Dochsetter" i "Innvik", h. side ca. midten : http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-283

Det finnes "Lödöen" i "Eid/Nordfjord". Kan "Rasmus" väre der i fra ??
Mvh,Svehn

Brukeravatar
Svehn Ruskelöv
Innlegg: 2593
Registrert: 31 jul 2012 10:30:01
Sted: Sverige

Re: Peder Pedersen Løvaasen og svogeren Rasmus Nilsen Løvaas

Legg inn av Svehn Ruskelöv » 18 jul 2013 02:07:16

Og her var konfirmasjonen til "Rasmus Nielsen Lödöen" år 1775 i "Eid", h. side v. rad ca. midten : http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-26
Mvh,Svehn

gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15 jan 2012 13:38:58
Sted: Fosnavåg

Re: Peder Pedersen Løvaasen og svogeren Rasmus Nilsen Løvaas

Legg inn av gj15561 » 18 jul 2013 09:29:28

Då er lenken til skiftet ordna.

Løvaasen i skiftet ser dermed ut til å vere ein "kopist" feil for Peder sin del. Ikkje fyrste gongen det skjer...

Tusen takk for hjelpa, John og Svehn.

mvh
Morten

Svar

Gå tilbake til «Aukra»