Hans Erikson og Marit Olsdotter på Stubøgeilen i Eidsvåg

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
19725
Innlegg: 547
Registrert: 25 mar 2009 21:03:36
Sted: ELNESVÅGEN

Hans Erikson og Marit Olsdotter på Stubøgeilen i Eidsvåg

Legg inn av 19725 » 27 mai 2013 22:21:12

I bind 4 av Gards- og ættesoge for Nesset har forfattaren ingen opplysningar om opphavet til desse to personane. Men Marit Olsdotter var enke i 1802 da Hans Erikson gifta seg med henne (Permanent pagelink: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-227). Her er Hans Erikson forsynt med påskrifta f Røe (betyr vel at han var fødd på Rød?), men det er truleg han som er tenar på Jordfall i 1801. Same året heldt enka Marit Olsdotter framleis til på Øyen, med sonen Knut og ein son Ole som ikkje er nemnt i bind 4. Sonen Knut var altså ikkje sonen til Hans Erikson, men til førre ektemannen, Hans Knutson, som hadde vore husmann under Øyen. Da sonen Knut vart fødd i 1795 er han omtala som Hans Knutson Holen. Det er skifte etter han i 1799 som "Hans Knutson husmann under Øyen".
Feilen som er gjort i bind 4 har også spreidd seg til bind 11 side 160. Knut Hansson f 1795 vart gift på Lange med Ingeborg Nilsdotter. Her står det og at faren heitte Hans Erikson. Det er altså feil.(Eg har plassert dette innlegget her fordi det ikkje er lagt inn nokon plass til korreksjon av bydebøkene for Nesset på forumet for korreksjon av bygdebøker).
Hans Knutson Øyen og Marit Olsdotter er nemnt under Øyen i bind 3 side 145. Her er sønene Knut 1795 og Ole 1707 nemnt, og det er nemnt at Hans Knutson døydde i 1799. Her står det og at Marit Olsdotter vart oppattgift med Hans Erikson Rød i 1802, son til skulehaldaren Erik Larsson på Rød omtala i bind 1 side 459, ei opplysning som eg sjølv nett fann i kyrkjeboka. Opphavet til Hans Knutson og Marit Olsdotter er det ikkje nemnt noko om.

Svar

Gå tilbake til «Nesset»