Anne Christensdotter Løcke, gm. kullfogden Niels Biering

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Anne Christensdotter Løcke, gm. kullfogden Niels Biering

Legg inn av dn07176 » 28. mars 2013 kl. 17.01

Kona til kullfogden Nils Biering, Anne Christensdotter, er ved fleire anledninger gitt namnet Løcke/Lycke, mellom anna ved dødsfall og skifte. Skiftet vart halde hjå Fredrik Bjering på Svorkmo - slektskap med Niels har eg ikkje klart å påvise (sjå eigen tråd om Biering)...

Om slektstilhøva til Anne er lite kjent for meg. Ho må vere dotter av ein Christen, for meg ukjent. Ein Christen Poulsen Løcke er nemnt på Svorkmo i 1758, og kan vere ein son av direktøren Poul Løche og far til Anne.

I panteboka for Løkkenverket er det i 1770 tinglyst ein obligasjon frå Anne til hennar brorsøn Lauritz Løcke.

Er det nokon som kjenner Christen eller Lauritz Løcke, og om dei evt. har noko slektskap med gamle direktøren Poul Løche?

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Anne Christensdotter Løcke, gm. kullfogden Niels Biering

Legg inn av dn07176 » 10. mai 2013 kl. 16.11

Eit par andre som kan vere relatert til denne slekta er:

Laurits Olufsson Løcke, f. 1687. Proviantskriver ved Verket 1709-1718.
Aldersmessig heilt klart ikkje den Laurits Løcke som er nemnt i 1770. Kan vere ein slektning, men ikkje farfar (ettersom Laurits d.y. er ein brorson av Anne må faren vere ein Christensson og ikkje ein Lauritsson). Ut frå farsnamn kunne han vere ein yngre bror til hytteskrivaren Paul Olufsson f. 1663, men han er såpass mykje yngre at dette ikkje er så sannsynleg (med mindre hyttemester Paul Olufsson på Røros var gift to gonger?).

Jonas Løcke. Stiger. Nemnt på Skjøtskift og Hamrum i Meldal kring 1720.
Her har eg ingen spor anna enn etternamnet. Det ser ut til at det har vore fleire Løcke/Lykke-slekter innom verket, så ikkje lett å seie om han høyrer til denne. Namet har eg frå jubileumsboka frå Løkkenverket, men eg lurer på om det ikkje er samanblanda med Johan Løcke (son av Paul Olufsson) som var stiger og som hadde sonen Johan Løcke Heintz som var på Skjøtskift frå 1754...

Svar

Gå tilbake til «Orkdal»