Bind 01/side 192 Torvik – Bakkan

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Bind 01/side 192 Torvik – Bakkan

Legg inn av Knut Sæther » 27. mars 2013 kl. 11.09

Her er nemnt Ildri Larsdotter f. ca. 1746 som var gift med Klaus Didriksson, men det står ikkje noko om avstamminga hennar.

Denne Ildri var ei dotterdotter til Halvor Olsson, som var brukar på Skjøllend og Tredalen i Sunndal. I Sunndalsboka bind 3 s. 193 er nemnt ei dotter Brit (Beret) som Halvor hadde, utan at nokon fleire opplysningar blir gjeve om ho. Men det var denne Brit som var mor til Ildri. Dette kjem fram i eit skifte frå 1787 etter Anders Halvorsson, ein halvbror til Brit. I skiftet får vi vite kven Ildri var gift med (folio 48b):

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24653/58/

Svar

Gå tilbake til «Gjemnes: Gards- og ættesoge for Gjemnes»