Skifteprotokoll, Nordmøre Sorenskriveri Møre og Romsdal 1739

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
19725
Innlegg: 547
Registrert: 25 mar 2009 21:03:36
Sted: ELNESVÅGEN

Skifteprotokoll, Nordmøre Sorenskriveri Møre og Romsdal 1739

Legg inn av 19725 » 26 mar 2013 13:50:03

Skifte etter Kiersten Pedersdatter - Anders Stensens .....


Source information: Møre og Romsdal county, Nordmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 08 , 1736-1741, oppb: Statsarkivet i Trondheim.
Remarks: Fol. 9-431. Nytt register bakerst.
Permanent page-link: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24641/258/
Permanent image-link: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 640843.jpg

Dette skiftet var svært vanskelieg å lese. Fin øving? Hovudproblemet mitt er at eg ikkje finn kva for ein gard det gjeld.
Eg tolkar dei etterlatne som enkemannen Anders, og eg meiner det står Jensen og ikkje Stensen, og 4 barn 3 søner og 1 dotter, Peder Andersen 20 år, Jens Andersen 18 år, Mikal Andersen 9 år, Synnøve Andersdatter 16 år. I begynnelsen meiner eg å oppfatte to namn: Peder Ødegaarden og Evind eit eller anna. Men eg klarer ikkje å finne ut kva for ein gard skiftet skal ha foregått på. Kanskje nokon klarer å lese noko meir av skiftet? Og finne eit gardsnamn?

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Skifte etter Kiersten Pedersdatter - Anders Stensens ...

Legg inn av gj04325 » 27 mar 2013 09:32:20

Det var ikkje det enklaste dette nei, Magnar. For meg kan det sjå ut som om det er namnet på ein husmannsplass som står oppført i skiftet, og ikkje eit gardsnamn. Men tydinga av namnet er eg usikker på. Har lurt på om det kunne stå "Wichen", (altså Viken), men det namnet vart vel som oftast skrive Wiigen e.l.)

Her er eit forslag til tyding av delar av teksten i innleiinga til skiftet, men med atterhald om feil:

Anno 1739 Dend 22. April indfant jeg mig tillige med Lensmanden af Gimnes Tingl. Velagte Willum Nøring og de 2de Wurderingsmænd nafnl. Peder Ødegaarden og ..... ....... paa Huusmandsplatsen kaldet ........... .......... Mayor(?) ....... tilhørende, for at holde et lofligt Arveskifte efter afg. Kiersten Pedersd. som boede og døede item., og det imellem hendes Efterlevende Mand Anders Jensen paa dend Eene og 4 deres udj ægteskab sammenauflede Børn nembl. - osv.

Denne majoren(?) er nemnt seinare i skiftet, så vidt eg kan sjå. Kanskje det her er tale om ein plass under ein gard som han eigde.

Du bør vurdere å etterlyse Kirsten Pedersdotter og Anders Jensen i Gjemnes-forumet. Det kan vere lokalkjende som veit kvar dei sentrale personane i skiftet høyrer heime.

Helsing Knut.

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»