Bind 3/side 420 Storløkken – Lykkjehuset/Husatrøa

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Bind 3/side 420 Storløkken – Lykkjehuset/Husatrøa

Legg inn av gj04325 » 11 mar 2013 22:20:09

Her er presentert to søner til Fredrik Johannesson og Ingeborg Johannesdotter, nemleg Jon f. 1830 og Jon f. 1833. Om sistnemnde er det skrive som rett er at han i 1868 vart gift med Magnhild Iversdotter frå Sunndal, og at desse busette seg på Åker på Sunndalsøra. (Sjå elles Sunndalsboka bind 3 s. 294.) Om den eldste Jon står det at han må ha døydd som barn, men dette viser seg å ikkje vere tilfellet.

Her er dåpen til denne Jon f. 1830 (nr. 84):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Surnadal, Ministerialbok nr. 595A04 (1829-1843), Fødte og døpte 1830, side 9.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-14

Vi noterer oss at fødselsdatoen hans er 25. august og dåpsdatoen 12. september.

I 1845 blir han konfirmert i Rindal, 15 år gammal, og vi kjenner att namnet på foreldra (nr. 26):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Surnadal, Ministerialbok nr. 595A05 (1843-1851), Konfirmerte 1845, side 118.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-116

I 1857 har presten notert at han flytta til Kristiansund våren 1852 (nr. 30):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Surnadal, Ministerialbok nr. 595A06 (1852-1863), Inn- og utflyttede 1857-1863, side 233.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-209

I 1858 blir han trulova i Kristiansund med Marit Eriksdotter Åker (høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Forlovererklæringer nr. 17 (1855-1869), Forlovererklæringer 1858, side 38.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-39

Vi ser at den oppgjevne fødselsdatoen og dåpsdatoen til brudgommen, samt foreldrenamna, stemmer. Det kjem fram at kona hans var f. i Sunndal i 1830 som dotter til Erik Aslaksson og Anne Pedersdotter Furu. Her er dåpen hennar (nr. 9):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Ministerialbok nr. 590A03 /1 (1819-1832), Fødte og døpte 1830, side 44-45.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-25

Vigselen til Jon og Marit (den øvste på sida):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A09 (1855-1865), Ekteviede 1858, side 18.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-260

Same året (1858) fekk dei ein son Johan Frederik:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A09 (1855-1865), Fødte og døpte 1858, side 61.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-63

Men denne sonen døydde året etter:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 2b (1855-1865), Døde og begravede 1859, side 24.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-26

I 1864 er Jon og Marit registrert innflytta til Sunndal (nr. 7 og 8):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Inn- og utflyttede 1864, side 397.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-412

Her er dei to i FT 1865:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =2060#ovre

I 1875 budde dei i Kristiansund:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 112&lnr=00

Dei same i FT 1885:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =4027#ovre

Og i FT 1900:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =7070#ovre

Svar

Gå tilbake til «Rindal: Gards- og ættesoge for Rindal»