Brit Knutsdotter Vike død 1704

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Olger Løseth
Innlegg: 830
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Brit Knutsdotter Vike død 1704

Legg inn av Kai Olger Løseth » 1. mars 2013 kl. 18.44

I Stranda III side 107 står om gnr 15 Vike.
Her forstår eg det slik at Brit Knutsdotter først var gift med Torstein Olsen Kjølås, og at dei fekk dotra Synnøve.
Brit vart deretter gift med Ole Gamelsen Øye, Sunnylven.
Dei fekk barna Ingebjørg 1672, Brit 1673 og Ole 1685.
I skiftet etter Brit Knutsdotter Vike den 5. april 1704 er arvingane:
Hindis efterlatte Mand Olle gammelßon, og den Sal. qvindes børn Sal. aagaatte Storfyllings børn, som er mandens stifbørn Sampt avlet med, Sampt avlet med den Igienlevende mand Olle olsen, Syndve Helsem, Britte olsdatter stige, og Ingebor olsdatter fouse
Eg har prøvd å skrive det som står bokstavrett. Sampt avlet med står to gonger og må vere feilskrift.
Ut ifrå skiftet ser det ut for at Ole Gamelsen er far også til Synnøve. Og så har Brit Knutsdotter hatt ei dotter Aagot/Agate som var gift til Storfylling (i Skodje?) og er død.

Er det nokon som har kunnskap som kan oppklare dette?

Svar

Gå tilbake til «Stranda»