Kva dato er dette?

Moderatorer: MOD_Kildereg, MOD_Generellt

Svar
4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Kva dato er dette?

Legg inn av 4151 » 26 feb 2013 17:51:55

Nederst i venstre kolonne side 97 står det eg les slik:
Feria Vta Nativit. Xhti
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-51
Tyding av Feria finn eg her:
http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Leksikon:Feria
Feria qvinta skulle etter dette vere torsdag, og datoen torsdag etter Kristi fødsel. Litt lenger oppe på sida står 1765. Spørsmålet er då om det er kyrkjeåret presten refererer til, og at dagen er torsdag 27. desember 1764. Er dette rett?

Brukeravatar
gj05668
Innlegg: 12190
Registrert: 17 okt 2007 20:33:23
Sted: STØ

Re: Kva dato er dette?

Legg inn av gj05668 » 26 feb 2013 18:52:56

Kai skrev: Spørsmålet er då om det er kyrkjeåret presten refererer til, og at dagen er torsdag 27. desember 1764. Er dette rett?


Jeg mener det riktig slik du har oppfattet det.

Mvh Paul

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20 sep 2005 20:19:11
Sted: TRONDHEIM

Re: Kva dato er dette?

Legg inn av dn07176 » 26 feb 2013 20:16:17

Eg ville sagt det var femte juledag, altså 29. desember

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Kva dato er dette?

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 26 feb 2013 20:51:08

Det må vere 4. (innførsla over) og 5. juledag - altså 28. og 29. desember 1764 (kyrkjeåret 1765).
Alternativet med "Feria 4ta"= onsdag og "Feria 5ta"= torsdag har eit par problem: For det første måtte det vere onsdag/torsdag etter "Nativitatis Christi", men det står ingen "p:" (post, =etter) her. Det andre er at onsdag etter juledag ville vere tredje juledag, som i 1764 var helgedag. Då ville det stade at det var 3. juledag, ikkje onsdag i julefeiringa.

Endå vanskelegare vert dette alternativet om vi blar fram til slutten av 1760 (kyrkjeåret 1761):
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-41
Her vert torsdag anten juledag eller nyårsdag, og ingen av desse ville verte bokførte som ein anonym torsdag.

Det ser ut til at Nordalspresten hadde fast rutine med julegudsteneste i Sunnylven 4. og 5. dag, Geiranger 31. des. Då hadde han gjort unna Norddal 1. og 2. juledag, og var rimelegvis på reisefot 3. dag og 6. dag. Døving/Sylte ser eg ikkje nemnt med julegudsteneste i boka.

4151
Innlegg: 814
Registrert: 07 mar 2006 17:25:56
Sted: ÅLESUND

Re: Kva dato er dette?

Legg inn av 4151 » 26 feb 2013 21:15:51

Takk for alle innlegg :D
Argumentasjonen til Ivar overtyder meg at 29. desember er rett.
mvh Kai

Svar

Gå tilbake til «Generelt»