Ingebrigt Ingebrigtsson Morkestrand f. 1845 i Veøy

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Ingebrigt Ingebrigtsson Morkestrand f. 1845 i Veøy

Legg inn av Knut Sæther » 20. februar 2013 kl. 23.15

Nedst på venstre side finn vi trulovinga i Kristiansund i 1878 mellom Ingebrigt Ingebrigtsson Morkestrand frå Veøy og Maria Eriksdotter Myrset frå Tingvoll. Kjelda er brannskadd, men namna på foreldra kan lesast, og i ein eigen notis i margen trer nokre andre sentrale opplysningar om Ingebrigt klart fram: fødd 2. august og døypt 22.september 1845, konfirmert 5.oktober 1862.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?u ... 17130&js=j

Dermed går det greit å finne dåpen hans (nr. 24):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-148

Som foreldre er oppført gardfolka Ingebrigt Ingebrigtsson Morkestrand og Marit Jonsdotter.

Og her er konfirmasjonen (nr. 24):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-199

Den aktuelle familien ser ut til å vere omtala i Bygdebok for Holm sokn bind 1 s. 476. Ein son Ingebrigt f. 1845 er nemnt, men det står at denne sonen døydde ung og ikkje vart konfirmert. Her synest det altså å vere ein feil i bygdeboka, for dette kan vel ikkje vere ein annan person? Kanskje nokon sit med opplysningar om denne Ingebrigt?

Helsing Knut

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Ingebrigt Ingebrigtsson Morkestrand f. 1845 i Veøy

Legg inn av Knut Sæther » 21. februar 2013 kl. 9.04

I nettutgåva av FT 1885 for Kristiansund har Ingebrigt vorte utstyrt med feil fødselsår:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1187#ovre

Familien i FT 1900:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... 10750#ovre

Helsing Knut.

Svar

Gå tilbake til «Rauma»