Fleire merknader - skilje dei?

Moderator: MOD_Kildereg

Svar
Anfinn Bernaas
Innlegg: 62
Registrert: 21 nov 2004 20:24:34
Sted: BORGEN

Fleire merknader - skilje dei?

Legg inn av Anfinn Bernaas » 10 des 2012 22:09:08

Ikkje så sjeldan er innførslene i kyrkjeboka krydra med merknader eller opplysningar som ikkje direkte høyrer heime i rubrikken dei står. Dersom det er berre éin slik merknad eller opplysning fører eg det i merknadsfeltet i Augustus sjølv om "Anmerkningsfeltet" i protokollen er tom. Slik sett blir ikkje posten i Augustus heilt kjeldetru, men eg ser det som at eg ikkje har noko val.

Verre blir det likevel når det er fleire merknader, ja kanskje det jamvel alt står ein merknad i "Anmerkningsrubrikken" i kyrkjeboka. Den einaste staden å skrive desse ulike merknadene er i merknadsfeltet i Augustus. Men skal ein skilje dei på nokon måte?

Utan skiljeteikn blir avskrifta misvisande ved at merknadsfeltet inneheld eit "oppsop" av opptil tre-fire ulike opplysningar frå kyrkjeboka, som i Augustus framstår som éin merknad.

Eigne merknader, E:, kan også gjelde ulike tilhøve i same post. Skal dei skiljast frå kvarandre?

Brukeravatar
7205
Innlegg: 1771
Registrert: 07 des 2004 04:14:55
Sted: KONGSBERG

Re: Fleire merknader - skilje dei?

Legg inn av 7205 » 10 des 2012 23:41:04

Du kan evt. starte hver merknad med en egenmerknad slik: [Af hvem Tillysningen er forlang]:

Remi
Remi Pedersen
"Don't be afraid of my Phoenix. He will burn up (but will be reborn from the ashes)."

Anfinn Bernaas
Innlegg: 62
Registrert: 21 nov 2004 20:24:34
Sted: BORGEN

Re: Fleire merknader - skilje dei?

Legg inn av Anfinn Bernaas » 11 des 2012 21:27:43

Takk for svar. Eg tolkar deg slik at kvar vesle avskriftsbit henta frå ulike stader i same innførsla, og i Augustus samla og ført i merknadsfeltet, bør skiljast. Men du gjer det ikkje klart korleis ein skal skilje dei. Eller har eg ikkje teke poenget?

Men ved fleire eigne kommentarar, E, har du ei løysing.
Du foreslår da å sitere rubrikkoverskrifta i klammer for å vise kor informasjonen/merknaden er henta frå. Jau, eg ser den, men det kan bli mykje tekst om det blir tekst frå fleire rubrikkar! Eg kunne forsåvidt heller ha tenkt meg som løysing å skrive "E:" fleire gonger, så mange gonger ein har behov.

Brukeravatar
7205
Innlegg: 1771
Registrert: 07 des 2004 04:14:55
Sted: KONGSBERG

Re: Fleire merknader - skilje dei?

Legg inn av 7205 » 11 des 2012 23:07:13

Men etter E: må du jo ha en egenkommentar som identifiserer feltet infoen kommer fra før du kommer med det du skal sitere. Problemet ditt er kun aktuelt dersom infoen kommer fra skjematiske bøker siden i fritekstbøkene vil all denne infoen stort sett stå sist.

Skill dem med punktum. Start hver nye med f.eks. kollonne-overskriften i klammeparentes og deretter skriv hva der står.
Remi Pedersen
"Don't be afraid of my Phoenix. He will burn up (but will be reborn from the ashes)."

Anfinn Bernaas
Innlegg: 62
Registrert: 21 nov 2004 20:24:34
Sted: BORGEN

Re: Fleire merknader - skilje dei?

Legg inn av Anfinn Bernaas » 12 des 2012 22:13:07

Eg takkar nok ein gong for svar, og trøysta til oss begge er at det blir klarare etterkvart!

Gjev du meg tre-fire dagar så skal eg finne fram eit døme eller to som eg burde ha hatt på plass alt da eg la spørsmålet mitt ut her fyrste gong.

Svar

Gå tilbake til «Kilderegistrering»