Else Hansdatter gift før 1815 med Jon Nilsen Beøy

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
3347
Innlegg: 1025
Registrert: 03 des 2004 03:29:53
Kontakt:

Else Hansdatter gift før 1815 med Jon Nilsen Beøy

Legg inn av 3347 » 01 sep 2012 22:53:38

I bygdebok for Fræna bd. III s. 266 skriv J. Julnes at Jon Nilsen Beøy (1790 - 1862) var gift med Else Hansdatter (ca. 1790 - 1857).

Dei må vere gift før 1815 for då står dei oppført saman på Beøy. Eg skulle gjerne funne ut kvar Else Hansdatter kom frå, men har stanga hovudet mot veggen.

Ein mogleg kandidat er Else Hansdatter Nerbø

Hennar foreldre Hans Madsen og Helge Bendiksdatter. Julnes skriv i Bygdebok for Aukra bd. III at deira dotter Else Hansd. var i live i 1811. Meir skriv han ikkje om henne.

Else Hansd. og Jon Nilsen Beøy kalla ei datter for Helge. Oppkalling etter mormor?

Kan nokon bidra med opplysningar?

10306
Innlegg: 58
Registrert: 09 mar 2007 17:21:25
Sted: AUKRA

Re: Else Hansdatter gift før 1815 med Jon Nilsen Beøy

Legg inn av 10306 » 02 sep 2012 16:05:36

Hvis det stemmer at det eldste barnet til Else og Jon heter Berit Hanne, så står det ved konfirmasjnen at hun er født 17.06.1815. Det gir jo en liten pekepinn om når de ble gift. Ser ikke at det er så mange andre muligheter enn det du har funnet om Else.

10730
Innlegg: 187
Registrert: 13 okt 2007 16:00:15
Sted: TORNES I ROMSDAL

Re: Else Hansdatter gift før 1815 med Jon Nilsen Beøy

Legg inn av 10730 » 02 sep 2012 17:19:52

Eg trur Nerbø er riktig. Bendikt Nerbøen er fadder til Hans Jonsen fødd 1833. Ei Ales Madsdtr frå Nerbø er gift på Svenøy. Ho er truleg tante til denne Else Hansdt.

3347
Innlegg: 1025
Registrert: 03 des 2004 03:29:53
Kontakt:

Re: Else Hansdatter gift før 1815 med Jon Nilsen Beøy

Legg inn av 3347 » 02 sep 2012 19:09:35

Takk til Knut R. og Bjørg.

Ja, eg vert meir overtydd om at Nerbø må vere riktig- Synd eg ikkje finn dåp med faddere til dei tre eldste barna i kyrkjebok for Aukra.

10730
Innlegg: 187
Registrert: 13 okt 2007 16:00:15
Sted: TORNES I ROMSDAL

Re: Else Hansdatter gift før 1815 med Jon Nilsen Beøy

Legg inn av 10730 » 02 sep 2012 21:12:09

Ingeborg er her:

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660394.jpg

Ole Asmundsen Svenøy var gift med tanten Ales Madsdtr


Else finn du her:

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660411.jpg

Dei to fødde i 1815 og 1817 kan vi ikkje finne, grunna brann.

Svar

Gå tilbake til «Fræna»