Aner til Olina Nielsd. Ryland, f. ca 1787 (i Florø?)

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
Brukeravatar
16531
Innlegg: 19
Registrert: 21. november 2004 kl. 0.26
Sted: FLORØ
Kontakt:

Aner til Olina Nielsd. Ryland, f. ca 1787 (i Florø?)

Legg inn av 16531 » 21. november 2004 kl. 1.29

Olina Nielsd. Ryland f. ca 1787, d. 27.6.1853 på Ryland i Kinn prestegjeld/Bremanger. Olina er i FT 1801 nemnd som Olava Nielsd. 13 år. I 1801 er Olina fosterdotter i heimen til Per Markvards. Ryland og kona hans Siri Ingvaldsd. Ryland. I 1814 gifte Olina seg med Jon Gregoriuss. Varpe. Dei busette seg på Ryland og tok over gardsparten etter Per Markvards. og kona.

(Olina og Jon fekk 9 born: Johns., Gregorius Ryland, Dec 1815 Johns., Niels Ryland, Oct 1818 Johns., Waldemar Ryland, Jun 1817 Johnsd., Anna Walborg Ragnilde Ryland, 24 Sep 1822 Johnsd., Christiane Marie Ryland, 27 Jun 1825 Johnsd., Inger Olava Ryland, Sep 1814 Johnsd., Johanne Serenne Ryland, 24 Nov 1829 Johnsd., Oline Johanne Ryland, 13 Jul 1828 Johnsd., Pernelle Kristina Ryland, 17 Jun 1821)

Er denne Olina Nielsd. den same som var døypt 4.8.1787 i Florø av foreldre Niels Andersen og kona Christine? Er det nokon som har meir informasjon om Olina?

Brukeravatar
Liv Ofsdal
Innlegg: 1630
Registrert: 15. oktober 2004 kl. 21.07
Sted: HOLMESTRAND
Kontakt:

Re: Aner til Olina Nielsd. Ryland, f. ca 1787 (i Florø?)

Legg inn av Liv Ofsdal » 21. november 2004 kl. 6.23

Hei

Jeg satt og kikka litt på familysearch etter Olina.
Kan dette være din kandidat?

OLINE NILSEN
Female

Event(s):
Birth:
Christening:
05 AUG 1787 Kinn, Sogn Og Fjordane, Norway
Death:
Burial:

Parents:
Father: NIELS ANDERSON Family
Mother: CHIRSTINE FLOROEN
Med vennlig hilsen
Liv Ofsdal
Slektsside: http://lofsdal.net/
Les dette før du poster din melding

Brukeravatar
16531
Innlegg: 19
Registrert: 21. november 2004 kl. 0.26
Sted: FLORØ
Kontakt:

Re: Aner til Olina Nielsd. Ryland, f. ca 1787 (i Florø?)

Legg inn av 16531 » 27. november 2004 kl. 11.39

Hei Liv!

Takk for at du tok deg tid til å hjelpe meg!

Eg har hatt mistanke til desse to, Niels og Christine, men eg skulle gjerne hatt meir opplysningar til å underbygge mistanken. På Digitalarkivet er forresten dåpsdatoen til denne Oline sett til 4. august.

Eg får fortsette å leite etter forbindelsar mellom Niels og/eller Christine og til fosterforeldra til Oline på Ryland.

Takk igjen og ha ei fin helg!!
Helsing Hasse

Brukeravatar
16531
Innlegg: 19
Registrert: 21. november 2004 kl. 0.26
Sted: FLORØ
Kontakt:

Re: Aner til Olina Nielsd. Ryland, f. ca 1787 (i Florø?)

Legg inn av 16531 » 8. januar 2005 kl. 20.16

Eg trur eg har løyst gåta mi.

Oline Nielsd. Ryland vart fødd i Florø i 1787. Døpt 5. august 1787. Foreldre Niels Anderss. Florøen (1757-1792) og Christine Olavsd. (muligens frå Vie, Førde).

I 1789 får Niels Anderss. bygselen på ein del av garden Senneset/Strugen i Bremanger (gnr 21).

Niels Anderss. og Christine Olavsd. får sonen Anders som vert døypt i 1790.

Niels døyr i 1792 og same året vert det halde skifte etter han der Oline 5 år og Anders 3 år vert nemnde.

Kortid og kvar Christine Olavsd. døydde, og om ho var død då Oline kom til Peder og Siri på Ryland som fosterdotter, har eg ikkje funne ut.

(A. Joleik - Soga om Flora
A. Joleik - Bremanger Bygdebok
Kyrkjebok for Kinn, Mini A3)

Om nokon har meir informasjon om familien, er eg sjølvsagt svært interessert.
Takk til alle som har teke seg tid til å lese etterlysinga mi! :-)
Helsing Hasse

Svar

Gå tilbake til «Flora»