Kirkebok, Bud, Møre og Romsdal, 1833

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
10730
Innlegg: 187
Registrert: 13 okt 2007 16:00:15
Sted: TORNES I ROMSDAL

Kirkebok, Bud, Møre og Romsdal, 1833

Legg inn av 10730 » 21 mai 2012 13:54:36

Håper noen kan hjelpe å lese dette:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-86

Det gjeld ekteskap nr 1 i 1833, brudgom Arne Larsen, Røe eller Boe. Ønskjer å få med alt som står om denne Arne, spesielt opphaldsstad/fødestad.

PÅ førehand takk,

Knut R Sande

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Arne Larsen på Hostad i Fræna

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 21 mai 2012 21:25:26

Eg hellar til at etternamnet er "Røe"; men det kan vere "Bøe".
Han er "af Vedøe Predstegield"

Fødestaden er ikkje så grei, bortsett frå at det er "H...." og at det er minst éin u. Det kan slutte på "-boe", men den siste ser ikkje ut som andre e-ar; det kan heller vere "-bor", om det har noko meining. Før b-en kan det vere ein d, men det kan også vere ein k, eller krullen over ein u eller ein s.
Då har dei lokalkjende noko å pusle med....

På denne tida (1833) omfatta Veøy prestegjeld Vestnes og Sylte/Tresfjord (seinare eigne prestegjeld) og Rødven (seinare ein del av Holm sokn).

Ut frå alder (33 år) skulle han vere fødd om lag 1799. Då kan det vere lurt å leite litt i Veøy.

10730
Innlegg: 187
Registrert: 13 okt 2007 16:00:15
Sted: TORNES I ROMSDAL

Re: Arne Larsen på Hostad i Fræna

Legg inn av 10730 » 22 mai 2012 11:49:50

Takk for gode forslag.

Det skal nok vere Arne Larsen Bøe, personen er funnen konfirmert i Tresfjord i Vestnes, tidl Veøy. Eg veit ikkje kor Bøe er, er det ikkje Bøe i Innfjorden I Rauma? Personen er og oppgitt å vere fødd på Sekken, er det Bøe der? Men vi har funne personen fødd på Lesja, og der er det sikkert fleire Bøe.

Stadnamnet som truleg startar med H har vi ikkje funne utav.

Brukeravatar
gj11159
Innlegg: 142
Registrert: 12 apr 2012 15:14:26
Sted: De Forente Stater
Kontakt:

Re: Arne Larsen på Hostad i Fræna

Legg inn av gj11159 » 22 mai 2012 15:02:32

For alle som lese her, diskusjonen forsett her:
https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?t=100137

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»