Thoresenfamilien i Birkelundsgata/Smedgata (1900/1910)

Christiania/Kristiania by og kommune samt Aker herred/kommune fra 1814

Moderator: MOD_Oslo

Svar
Brukeravatar
dn24983
Innlegg: 5
Registrert: 18. april 2012 kl. 16.44
Sted: TRONDHEIM

Thoresenfamilien i Birkelundsgata/Smedgata (1900/1910)

Legg inn av dn24983 » 18. april 2012 kl. 17.06

Søkjer meir informasjon ikring familien til Gunnar og Karolina Thoresen. Det er primært borna eg vil finne meir ut om - og kan hende etterkomarar, om nokon veit av desse!

Gunnar vart fødd i Lom i 1863, Karolina 1862 i Kristinehamn (Värmland, Sverige).

Familien i 1900: digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f00301&gardpostnr=3580&personpostnr=89575&merk=89575#ovre
Familien i 1910: digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392257653

Borna til Gunnar og Karoline (av ft. 1900 og 1910 – datoane frå ft. 1910):
1. Karl Trygve, f. 6.1.1891 i __ i Kristiania, d. __. Nemnt marmorslipar ved ft. 1910.
2. Hjalmar Antonius, f. 24.2.1893 i __ i Kristiania, d. 1955 (Nordre gravlund). Gift __ med Mimmi Antoinette __, f. 25.10.1894 på __, d. 1976. Hjalmar er nemnt «Kobberslagerlærling» i 1910.
3. Gunhilde Viktoria, f. 10.4.1895 i __ i Kristiania, d. __. Nemnt «Syerske» 1910.
4. Josef Leonard, f. 13.6.1897 i __ i Kristiania, d. __.
5. David Emanuel, f. 3.11.1899 i Birkelundsgate 2 i Kristiania, d. 1970. Gift __ med Alida __, f. 4.4.1902 på __, d. 1960. Dei er gravlagt på Østre gravlund i Oslo.
6. Trygve Gunnar, f. 15.9.1908 i Håkonsgate 18 i Kristiania, d. __.

Dei trådde inn i metodistkyrkja i mars 1899 – då er dei førte inn i innmeldingslistene til «Første Metodistkirke» i Oslo. Her var han nemnt som overført frå statskyrkja – ho har tilhøyrt metodistkyrkjelyden i Helsingsberg i Värmland - «Meth. m. Hildringsberg». I innmeldinga finn vi merknaden «Død 9/8 1927» bak Gunnar.

Er det einkvan som kjenner til denne familien, eller har gode tips om kor eg kan leite - hadde eg sett stor pris på det!

Solveig R. Håklev
Innlegg: 2859
Registrert: 4. desember 2004 kl. 7.42
Sted: RASTA

Re: Thoresenfamilien i Birkelundsgata/Smedgata (1900/1910)

Legg inn av Solveig R. Håklev » 18. april 2012 kl. 18.29

Lenke til dødsfallprotokollen ved Karolines død,nr 948 høyre side
Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Avd. I, Dødsfallsprotokoll B 15 , 1927-1929, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27280/2/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 321076.jpg

Brukeravatar
Else Berit Rustad
Innlegg: 18144
Registrert: 3. november 2006 kl. 9.10

Re: Thoresenfamilien i Birkelundsgata/Smedgata (1900/1910)

Legg inn av Else Berit Rustad » 18. april 2012 kl. 18.41


Brukeravatar
dn24983
Innlegg: 5
Registrert: 18. april 2012 kl. 16.44
Sted: TRONDHEIM

Re: Thoresenfamilien i Birkelundsgata/Smedgata (1900/1910)

Legg inn av dn24983 » 19. april 2012 kl. 8.37

Takk, den tilvisinga gløymde eg :)

Brukeravatar
dn24983
Innlegg: 5
Registrert: 18. april 2012 kl. 16.44
Sted: TRONDHEIM

Re: Thoresenfamilien i Birkelundsgata/Smedgata (1900/1910)

Legg inn av dn24983 » 19. april 2012 kl. 9.32

Å, tusen takk, Solveig! Eg såg ikkje svaret ditt før no! :) Artig at du fann skiftet!

Svar

Gå tilbake til «Oslo, Kristiania og Aker fra 1814»