Jarnvegsarbeidarane på hovedbanen Oslo-Eidsvoll opna 1854

Christiania/Kristiania by og kommune samt Aker herred/kommune fra 1814

Moderator: MOD_Oslo

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Jarnvegsarbeidarane på hovedbanen Oslo-Eidsvoll opna 1854

Legg inn av dn27834 » 31 mar 2012 19:49:42

I eit avisintervju med bror til bessmor mi i høve 60 årsdagen hans, seier han at bessfar hans var med å bygge hovudbanen Oslo-Eidsvoll, ferdigstilt 1854. Anene mine har vore anleggsarbeidarar i fleire generasjonar i alle slektsgreinar, så når gammelonkel Ole Klinkenberg (med 45 års tenestetid som jarnvegsarbeidar i 1939) omtalar bessfar sin, kan det vere farfaren Amund Amundsen, Klinkenberg (1824-1888) eller morfaren hans Ole Larsen Leren, Slåen (1811-1881). Dei var husmenn i Sel kommune og jarnvegsarbeidarar begge to. Er interessert i å finne ut kva for jarnvegsanlegg dei arbeidde ved, og når. Kor kan eg finne det?

Folketelling 1865:
http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 74&lnr=000
http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 80&lnr=000
Folketelling 1875:
http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 071&lnr=00
http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 073&lnr=00

Tok med folketelling for å vise at begge tippoldefedrane min var i alder til å vere med på å ferdigstille hovudbanen.

Svar

Gå tilbake til «Oslo, Kristiania og Aker fra 1814»