Når det gjeld Peder Mats, prøvde eg først å finne han i FT1865. Då eg ikkje fann han der, søkte eg i registeret over konfirmerte i Kinn 1822-35
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... etanr=6237
... pluss tilsvarande for 1835-40 som eg nettopp har registrert, men som ikkje har komme på Digitalarkivet enno. Heller ikkje der fann eg han, og då tenkte eg at han mest sannsynleg døydde som barn.
Då begynte eg å leite i skanna kyrkjebok blant døde. Eg starta med fødselsåret, og der var han.
* * *
Ekteskapet til Karen Andrea fann eg (så vidt eg hugsar) fordi eg gjorde søk i registera for Bergen. Det er ein naturleg stad å leite etter sunnfjordingar, for svært mange reiste dit i ungdommen. Kombinasjon av erfaring og flaks, altså.
* * *
Eg har leitt ein del etter syskena til Karen, utan å finne andre enn Salomon, som blei buande på Kinn, og han har du jo frå før.
1900:
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =2596#ovre
1910:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 6734002507
* * *
Sesilie f. 1857 er ikkje hos foreldra i 1865. Truleg var ho då død som barn, så eg ville ha leitt blant gravlagde frå 1857 og utover.
Tilsvarande for Peder f. 1854.
* * *
Amalie og Karl: Eg ville ha begynt med å leite etter konfirmasjonen. Amalie var fødd i 1860, så eg ville ha leitt frå 1874 og inntil ca. 1880. Tilsvarande for Karl. Viss eg ikkje fann konfirmasjonen, ville eg ha leitt blant gravlagde.
* * *
Aksel gifta seg og fekk barn i 1877, men kor han blei av etter det, er ikkje godt å seie. Samson f. 1848 levde òg i 1865, men eg finn han ikkje seinare. Dei kan sjølvsagt vere døde før 1900.
Men eg tippar på at nokre av syskena emigrerte. Sildefisket slo feil på 1870-talet, og det blei naudsår og etter kvart ei enorm utflytting, både innan- og utanlands.
Eg har søkt i emigrantregisteret for Kinn-folk over Bergen utan å finne noko:
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... etanr=1335
Men det treng ikkje å bety at dei ikkje utvandra. Dei kan ha reist andre vegar enn over Bergen, og det er heller ikkje sikkert at emigrasjonen er registrert nokon stad. Eg har funne ei rekkje sysken av mine eigne oldeforeldre som busette i USA utan at eg har klart å finne noko som helst i norske emigrantregister.
Du bør undersøkje kyrkjeboklistene over utflytta frå Kinn prestegjeld, men ver merksam på at dei er svært ufullstendige.
Som sagt var det òg mange sunnfjordingar som busette seg i Bergen. Mange reiste òg til Nord-Noreg. Men eg har leitt utan å finne nokon fleire i FT1900 og -1910.
Det kan tenkjast at det finst skifte etter eitt eller begge av foreldra. Det finst i så fall hos Statsarkivet i Bergen. Viss du har dødsdatoane til Klaus Arnesson og Elen Sørensdotter, kan du spørje arkivet om dei kan undersøkje. Viss du er heldig, står det kor arvingane budde.
Lykke til!