Johanne er utegløymt i bygdeboka, men ho er registrert utflytta frå Sunndal i 1871 (nr. 7):
Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Inn- og utflyttede 1872, side 407.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-423
Det står nokre fleire opplysningar om foreldra og to av besteforeldra til Johanne i Sunndalsboka, så du vil nok ha nytte av å fjernlåne dette bygdebokverket om du har høve til det. I første omgang vil du ha bruk for bind 2, men dersom du vil prøve å finne meir informasjon vidare bakover, treng du nok òg bind 3 og 4. Han som må ha vore morfaren til Johanne, Jon Ivarsson, står det til dømes meir om i bind 4. Som tidlegare nemnt meiner eg han var identisk med ein husmann under garden Tredalen. Iallfall fann eg ikkje nokon alternativ kandidat den gongen eg dreiv og granska denne familien. Men her kan du jo gjere dine eigne undersøkingar.
Når det gjeld han som truleg var farfaren til Johanne, Jon Larsson (f. ca. 1763), står det i bygdeboka at han vart gift med Brit Johansdotter i 1806. Det eg gløymde å leggje til i går, var at han gifta seg på nytt i 1824 med ei Rannei Evensdotter, f. ca. 1781 og kanskje dotter til soldat Even Anfinnsson og pike Mari Olsdotter (jf. Sunndalsboka). Eg er nokså sikker på at det var denne kvinna Jon (mange år tidlegare) hadde fått sonen Lars med. Mor til Lars var altså ikkje Brit Johansdotter som eg kom i skade for å skrive i går (slik kan det gå når ein skriv innlegg alt for seint på kvelden...). Fødselsåret til Lars er ikkje oppgjeve i bygdeboka, og heller ikkje kven mor hans var, men det må vere han som blir døypt her i 1804 (nr. 35, venstre side):
Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Fødte og døpte 1805, side 35.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-19
Lars Jonsson døydde i 1865, og den oppgjevne alderen på 62 år stemmer godt med dette fødselsåret.
Om du ønskjer det, kan eg nok hjelpe deg med å prøve å finne avstamminga til Jon Larsson og Even Anfinnsson. Men det må eg i så fall få kome tilbake til seinare. Elles er det ikkje meininga mi å ta frå deg gleda av å finne ut ting sjølv.
Knut.