Legg inn
av 12397 » 10. juni 2005 kl. 17.45
I databasen "Døypte i Sogn og Fjordane 1669-1895" finn du R.W. fødd på garden Lillestøl i Hornindal (tilhøyrde då Eid). Heimedøypt 10.11.1841 og døypt 05.12.1841.
Og av databasen "Sogn og Fjordane flytting" går det fram at han flytte til Bergen 17.09.1859.
Familien budde på br.nr. 7 på Lillestøl. Iflg. "Honndalsboka" (s. 96) var han yngst av 9 sysken.
Faren, Valdemar Larsson Lillestøl, levde frå 1794-1875 og mora Anne Jonsdatter Ytrehorn 1803-1874. Valdemars far var Lars Olson Lillestøl 1759-1828 og mor Anne Valdemarsdatter Ytrehorn 1760-1840. Der er meir opplysningar om slekta i generasjonar bakover og Rasmus W's sysken med etterkomarar. Dersom du ikkje har tilgang til desse bygdebøkene, sender eg deg gjerne kopi av aktuelle sider.