Salomon Johannesson, f ca 1785, d 1865, Skoge bnr 2

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
Per Øyvind Jonsson
Innlegg: 2
Registrert: 18. januar 2025 kl. 16.38

Salomon Johannesson, f ca 1785, d 1865, Skoge bnr 2

Legg inn av Per Øyvind Jonsson » 21. oktober 2025 kl. 17.21

Ref Fjellboka, bind 2, side 265. Jeg har funnet vielsen (1818-06-21, ref www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000327285 og https://media.digitalarkivet.no/view/8603/115 nr 1) og dødsfallet (1865-09-02, ref https://media.digitalarkivet.no/view/8279/33 nr 15), men jeg finner ikke hvor han kommer fra eller hans foreldre. Søk i Digitalarkivet på fødte i Vestland i 1784/85/86 gir meg kun en kandidat, Salomon f 1986 (ref www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000002212778) med far Jens og mor uten navn, men jeg vet jo ikke om det er rett person (Jens og Johannes er ikke veldig ulike).
Noen som kan gi tips om hvor jeg kan fortsette letingen? Salomon er en av mine tipp-tipp-oldeforeldre.
 
 
 
 
 
 
 
 

Jon Sværen
Innlegg: 379
Registrert: 28. januar 2006 kl. 21.42
Sted: BERGEN

Re: Salomon Johannesson, f ca 1785, d 1865, Skoge bnr 2

Legg inn av Jon Sværen » 12. januar 2026 kl. 10.35

Per Øyvind stilte eit spyrsmål til oss i S&D den 21 oktober 2025.

Der har gått nokre mnd å teinkja på kvar Salamon kjem ifrå.

I morgon er det 13 januar, tjuande dag jul, og jula er over og ut.

Er det verkelig ingen med tilknyting til Fjell, Hordaland, som kan løysa denne knuten ??

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5959
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Salomon Johannesson, f ca 1785, d 1865, Skoge bnr 2

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 12. januar 2026 kl. 22.56

Jon skrev:Er det verkelig ingen med tilknyting til Fjell, Hordaland, som kan løysa denne knuten ??



 
 Nei, Jon, det er sannsynlegvis ikkje det. Kanskje ikkje nokon annan heller. Du har sikkert freista, du også(?).
Det er svært lite informasjon å gå etter.

I vigsla 21.jan.1818 er dei kalla "Salomon Johannesen Skoge" og "Giertrud Monsdatter Skoge", ikkje alder og ikkje namn på fedrene.
I bygdeboka (Fjell Bygdebok bd.2 s.265) https://www.nb.no/items/9d05efff4c201a8 ... 8?page=267
ser vi at Gjertrud er dotter til dei førre brukarane.
Det vil seie at Salomon har slege seg ned på Skoge før vigsla - og at tternamnet fortel ikkje noko meir kvar han kjem frå.
Ved dauden 2.sept 1865 er han kalla "Vilkm.[vilkårsmann] Salomon Johannesen Skoge," 80 år. Då skulle han vere fødd 1885, men 
det kan vere nokre år frå eller til. 
Hadde han halde seg i live til over nyttår, ville han kome med i FT1865. Der skulle prestegjeld for fødsel stå - det ville kanskje gjort
ting enklare, men slik vart det ikkje.

I somme tilfelle kan tinglysing av ny bygsel kaste lys over kvar ein innflyttar kjem frå. Her seier bygdeboka at han bygsla i 1842.
Det var 22 år etter vigsla, 6 år etter at mor til Gjertrud døydde, og 28 år etter at far hennar døydde. Det er lite von om anna
enn at han er identifisert som "Skoge" i tingboka.

Han bør vere om lag 16 år (+/- kanskje så mykje som 10 år) i FT1801.  Der vil det vere mange aktuelle kandidatar, og det
er neppe mogeleg å identifisere (og eliminere) alle.
Likeins for døypte gutar om kring 1785 (+/- kanskje 10 år).

Då er det ikkje så mange fleire kjelder som kunne fortalt kven han var. Militære rullar er vel det som står att. Dei er ordna
etter gardar (ikkje etter folk), og han kan vere innført nær kvar som helst før han kom til Skoge og gifta seg.

Det er vel på langt nær alle kyrkjebøker frå 1700-talet som er registrerte. 
 
 
 

Per Øyvind Jonsson
Innlegg: 2
Registrert: 18. januar 2025 kl. 16.38

Re: Salomon Johannesson, f ca 1785, d 1865, Skoge bnr 2

Legg inn av Per Øyvind Jonsson » 17. januar 2026 kl. 9.47

Mange takk for svar - det var nok omtrent slik jeg fryktet. Jeg har prøvd å grave litt mer, men uten hell. Så det er vel bare å godta at enkelte gåter/mysterier ikke er så enkle å løse så lenge etterpå.

Svar

Gå tilbake til «Fjell»