Ingeborg Knutsdotter Solli eller Eidsør f ca 1757

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Ingeborg Knutsdotter Solli eller Eidsør f ca 1757

Legg inn av Magnar Husby » 27. juni 2025 kl. 16.35

I Nessetboka bind 4 under Yttergarden, Eidsøra står det at Nils Knutsom Eidsør vart gift i 1797 (truloving: https://www.digitalarkivet.no/kb20070913670664 ) for andre gong med henne, Og ho var enke. Ho er omtala med etternamnet Solli. Eg fann ikkje spor av dette verken i Tingvollbøkene 1 (omtala som "Sør-Sollia") og 2 (omtala som "Nord-Sollia") under Solli. Da ho får første barnet Marit 29 Dec 1798, døypt 1. nyttårsdag 1799 er ein Knut Knutson Myrset første fadder. Og ei Ingeborg Knutsdotter Myrset vart konfirmert i Tingvoll 18 år gamal i 1774. Det stemmer omtrent med oppgjeve fødselsår 1757. Men eg lykkast ikkje med å finne fødselen i fleire kyrkjebøker. Og i folketeljinga 1801 er det ingen Knut Knutson på Myrset. Det er nemnt ein Knut Knutson på Myrset i Nessetboka rundt 1700, men ikkje seinare. Solli eller Sollia er jo eit mykje bruka gardsnamn, men forlovaren hennar når før ho giftar 2. gong er Hans Hanson Rimstad på Tingvoll. Kanskje nokon har vore borti dette og kan gje tips om kvar ein kan leite vidare?
 

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Ingeborg Knutsdotter Solli eller Eidsør f ca 1757

Legg inn av Magnar Husby » 29. juni 2025 kl. 1.59

Det viser seg at Ingeborg ikkje hadde vore gift til Solli. Ho vart gift 1. gong med enkjmann Anders Zakariasson Bersås, og dei heldt hus på Sjølia, Bersås. Der døydde Anders frå kona i 1795. Det kjem ellers fram at Ingeborg budde på Myrset da ho vart gift 1. gong. Eg har ikkje funne dåpenen hennar, men ho er nok ganske sikkert den Ingeborg Knutsdotter som er siste barnet i barneflokken til Knut Jonson og Marit Larsdotter på den nedlagde gardparten på Talset. Foreldra døydde frå desse barna, og Nessetboka nemner skifta etter dei. Men desse skifta er ikkje å finne i arkivet frå Nordmøre sorenskriveri (dei er vel blant dei som er nemnt som kome bort).

Tore Kristiansen
Innlegg: 4284
Registrert: 18. november 2004 kl. 9.47
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Ingeborg Knutsdotter Solli eller Eidsør f ca 1757

Legg inn av Tore Kristiansen » 29. juni 2025 kl. 22.28

Om faren til Ingeborg, Knut Jonsen Talset, er det en del opplysninger i Nessetboka som ikke stemmer. Han var ikke utgammel da han fikk sitt siste barn. Og han var ikke fra Sylte i Vestnes. 

I legdsrulla for Eresfjordske i 1749 står Knut Talset som 50 år gammel: 2. Trondheimske regiment, 1746-1749, s. 395, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20111110690354  Han var legdsmann i legd nummer 43. Da han blir begravd 23. november 1758 står han som 59 år gammel, helt nederst i venstre kolonne på venstresidas: Tingvoll ministerialbok 1751-1776, Kronologisk liste 1758, Side 222, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070913670222  

Det var skifte etter hans (andre?) kone, Ragnild Olsdatter, 23. februar 1744, Nordmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 1741-1746, folio 705a, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090202650273   Ingen felles barn. Hennes søstre og deres barn (de var myndige) arvet. Kjøpmann Jens Kaasbøll fikk utlagt 18 marklag i garden. Men de resterende 18 marklagene ble holdt utenom skiftet, for de var utlagt i morsarv til Datterene? Tror det skal bety at det var søstrene og deres arvinger som arvet den delen. Det står ikke ved utdelinga i skiftet. Svaret finnes kanskje i panteboka. 

Om opphavet til Knut på Løvikgarden som ligger mellom Kvernhusvika og Almvika. Står i dag som Lauvvika på kartene: Gards- og ættesoge for Tingvoll. 2 , side 362 står det at Knut Jonsen ble gift på Talset i 1728 med Ingeborg Jonsdatter. Fødselsåret til Knut står der som 1706. https://www.nb.no/items/1b6cad87fd041e7 ... 5?page=365  

Vielsen i 1728 var egentlig i januar 1729. På høyresida, Tingvoll ministerialbok 1706-1731, Kronologisk liste 1729, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070913660793  i venstre kolonne står trolovelsen. I høyre kolonne står vielsen, og på neste side, står det at dattera Marite ble døpt. Men i stedet for fadderne har presten skrevet NB Moderen og barnet strax eftter døde. 

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Ingeborg Knutsdotter Solli eller Eidsør f ca 1757

Legg inn av Magnar Husby » 29. juni 2025 kl. 23.25

Han må ha vore gift 3 gonger med andre ord. Han gifta seg med 3.kona Marit Larsdotter Eikrem (?) (enke) her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070913670072 Og dei har 2 barn i 1746, Hans og Ingeborg: https://www.digitalarkivet.no/kb20070913670078
Takk for informasjonen som du har gravd fram. Skal sjå på skiftet og dei andre lenkjene. Har ikkje kartlagt alle barna enda, men eg trur han som vart namna Knut var fadder da Ingeborg Knutsdotter fekk sitt første barn i 1798 (døypt 1. nyttårsdag 1799). Og kanskje var det han som gifta seg med ei enke på Myrset like etter men døydde straks etter. Men dette er eg ikkje viss på. 

Tore Kristiansen
Innlegg: 4284
Registrert: 18. november 2004 kl. 9.47
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Ingeborg Knutsdotter Solli eller Eidsør f ca 1757

Legg inn av Tore Kristiansen » 30. juni 2025 kl. 18.08

Da har du vel funnet at to av søstrene til Ragnild oppholdt seg i Surndalen? Gjertrud Olsdatters sønn, Einer Gundersen står i bygdeboka under Litj-Kvennbø. 
Og Brit Olsdatters tre sønner, Sjur, Ole og Lars, står alle under nabogarden Engan. 
Søstra til Einer på Litj-Kvennbø, Marit Estensdatter, hadde Halstein Drøpping som formynder. I Stangvikboka ser jeg ingen umiddelbar forbindelse mellom dem, og han kan jo bare ha vært husbonden hennes på Drøpping, og at Marit var i tjeneste der. 

Nå når jeg leser litt mer forsiktig det som står om jordegodset, tror jeg det står
,men 
deraf er udl. til Datte-
ren udj Moder arv 18 marklag. 


Det virker som om dette jordegodset er tildelt ei datter av Knut. Hun nevnes ikke andre steder i skiftet, etter det jeg kan se. 
Dette kan være ei datter fra et ekteskap mellom Ingebor og Ragnild, eller det kan være at Marit som ble døpt i 1729 ikke døde sammen med mora. Og at hun vaks opp, og får utdelt halvparten av garden i skiftet etter stemora i 1744. 
Hvis det er det siste, vil hun nok stå som konfirmert om ikke så lenge (altså etter skiftet i 1744). 
 
:) Tore

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll»