Namdal sorenskriveri. Skifte 1777

Moderator: MOD_tydehjelp

Svar
Kjell Jan Remø
Innlegg: 302
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Namdal sorenskriveri. Skifte 1777

Legg inn av Kjell Jan Remø » 17. juli 2022 kl. 23.08

Boet etter Hans Michelsen Nord-Gjæslingan startar nede på dobbelside 20, venstre side, venstre spalte.

Spørsmåla mine er knytt til sida etter, dobbelside 21, venstre side, Jf. link.Namdal sorenskriveri, SAT/A-4133/1/3/3A/L0013: Skifteprotokoll nr. 13a, 1777-1779, s. 20b-21aBrukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090218710023

Under Søe Redskabser (venstre spalte, litt under midten av sida)  ser det for meg ut som det er nemnt eit par båtar.
Eg skulle gjerne ha tyda det som står foran beløpa 9-2-16 og 4-0-0.
(Dei to-tre setningane som startar med ‘Resten udi en………’ 

I høgre spalte, same side og rundt midten av sida, finn eg eit beløp på 10-0-0. Eg meiner å kjenne att ordet 'Stue' og
lurer på om husmannen eigde sitt eige hus.
Eg vil difor gjerne ha tolka det som står foran 10-0-0.

(Mitt enfoldige forslag :  ‘Daglig stue med bord og benk samt Senge??  )  ‘     
 
 
 

Online
Knut Sæther
Innlegg: 3055
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Namdal sorenskriveri. Skifte 1777

Legg inn av Knut Sæther » 18. juli 2022 kl. 0.54

Slik ser det ut for meg: 

Venstre spalte: 

Resten udi en Otterings Baad med Seil og Drag med Udlæget til Begravelsen. 

1 Hun Rums Færings Baad med Seil 

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Hundromsf%C3%A6ring 

Høgre spalte: 

1 Daglig Stue med Bord og Benke samt Sengested.  

Mvh. Knut.
 
 
 
 

Kjell Jan Remø
Innlegg: 302
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Namdal sorenskriveri. Skifte 1777

Legg inn av Kjell Jan Remø » 18. juli 2022 kl. 9.34

Hei !

Mange takk Knut !  :D

Stussar over 'Med Udlæget til Begravelsen', men det er vel å sjå i samanheng med dekninga enka fekk i samband med begravelsen.
I alle fall er åttringen der ført opp med 1-3-8. (punkt 2 foregåande side i skiftet) 
Litt pussig å få dekt utgifter til begravelsen med deler av ein kakkelomn, deler av ein åttring, deler av ei kvige m.m, men praktisk 
for skrivaren når det ikkje var kontantar i buet.
 


 
 
 
 

Svar

Gå tilbake til «Hjelp til tyding av kildemateriale»