Skaret 12 ved Ålesundbrannen 1904?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Per Helge Kvistad
Innlegg: 17
Registrert: 18. juni 2006 kl. 23.16
Sted: FØRDE

Skaret 12 ved Ålesundbrannen 1904?

Legg inn av Per Helge Kvistad » 24. april 2019 kl. 21.57

Oldeforeldra mine, Jon Annaniassen (1826-1910) og Andrine Magnusdtr. (1830 – 1910) budde i følgje FT1900 i Skaret 12 i Ålesund. Dei er der registrert med etternamnet Rekedal. I same hus budde dottera Marie og mannen hennar, Paul, begge Rekkedal, besteforeldra mine, søster og svoger til Paul, Laura og Knut Langsten, og foreldre til Knut. Jon var i si tid ein velhalden mann, hestehandlar, frå Bondalen, Hjørundfjord. Han kom i pengenaud og miste det meste han eigde (Strømme, Standal: Hjørundfjordboka, Gard og ætt 5).
Marie og Paul flytta til garden ho kom frå i Bondalen i 1903, då foreldra hennar og søsken emigrerte til USA. Jon og Andrine flytte etter truleg i 1903 eller 1904.
Spørsmål: Eigde Jon og Andrine i Skaret 12 og kom dette huset bort i ålesundbrannen i 1904? Mogeleg flytta dei til Bondalen etter brannen? Er det nokon som kjenner kjelder som kan gje opplysningar om dette?

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3025
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Skaret 12 ved Ålesundbrannen 1904?

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 25. april 2019 kl. 9.51

Hei.

Kan jo være greit å ha originalen av folketellingen, og av den går det fram at John er eier eller bestyrer av huset.
Det er tilført noe i personlistene under "Erverv og livsstilling". Usikker på om det kan være noe om eierforhold.

SAT, Folketelling 1900 for 1501 Ålesund kjøpstad, 1900, s. 3218
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft20101117190319

Kanskje er slekta Langsten fra Tomrefjord i Vestnes som også er nevnt her av en viss interesse, side 577

https://www.nb.no/items/bcf51625f39722c ... chText=577

Gunnar Olav Morsund
Innlegg: 3
Registrert: 17. januar 2019 kl. 13.10
Sted: Ålesund

Re: Skaret 12 ved Ålesundbrannen 1904?

Legg inn av Gunnar Olav Morsund » 26. april 2019 kl. 13.47

Heile Skaret brann i 1904. Det er området ned til venstre for Fjellstua/Aksla på bildet i artikkelen Slik var bybrannen. http://interaktiv.smp.no/bybrann/art-fa ... annen.html

På bykart frå 1915 er området der huset låg, markert med blått - dvs. "Disponibelt byggeterræng". http://www.1881.no har mange historiske kart og flyfoto. For Ålesund er der kart frå 1898, 1915 og 1925.

I dag meiner eg det er Hans Strøms gate 9 som ligg der Skaret 12 låg i 1904. (I alle fall sånn omtrent)

John Rekdal er oppført som huseigar i Ålesund i Adressebok for Romsdals Amt med formue 2.500 og inntekt 1.000. Sjå: https://www.romsdal-sogelag.no/kjeldeskrift
Flott kjelde - enkelte år 1900 - 1935.

Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal (http://www.ikamr.no) har branntakstprotokollar frå Ålesund, også frå før brannen.

Svar

Gå tilbake til «Ålesund»