Marta Marie Knudtsdtr, kven var ho?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
10730
Innlegg: 187
Registrert: 13. oktober 2007 kl. 16.00
Sted: TORNES I ROMSDAL

Marta Marie Knudtsdtr, kven var ho?

Legg inn av 10730 » 10. juni 2018 kl. 1.05

I Aukrabok bind IV, J Julnes finn vi på ein plass under Hollingen, Torhaugmyr, s 26 og 27, eit par der eg manglar nokre opplysningar. Mannen er grei, det er Arne Olsen Bringsli, f. 1815, son til Ole Arnesen og Elisabet Bottolfdtr. Bringsli.

Han giftar seg 13/7 1845,Vågøy krk, med ei Marta Marie Knudsdtr. Julnes skriv at ho var fødd ca. 1820 i Molde. Eg skulle gjerne vite kven foreldra hennar var.

Dette paret fekk 5 born. Den yngste i flokken var Anna Arnesdtr f. 1861. Ho gifta seg 1889 med ein Ole Matias Madsen, Eidskrem. Dette paret var var først brukarar i Torhaugmyra. I 1893 flytta dei til Bolsøy prestegjeld. Noko seinare kom dei flyttande til Syltevorpen i Fræna. Mor til Anna, Marta Marie Knudsdt, budde hjå dei på Syltevorpen, og ho døydde der, i 1912.

Dødsfall til Marta Maria:

https://media.digitalarkivet.no/view/39505/56123/24

Sjå at Marta Marie oppgis å vere fødd 3/2 1920, eksakt, samt at ho skal vere fødd i Vestnes prestegjeld.
Giftemål til paret, par nr 6:

https://media.digitalarkivet.no/view/2278/14483/1

Faren ser vi heiter Knud Knudsen. Klarer nokon å identifisere foreldra til Marta Marie Knudsdt ?

gj25675
Innlegg: 4100
Registrert: 29. mai 2016 kl. 12.36
Sted: DRØBAK

Re: Marta Marie Knudtsdtr, kven var ho?

Legg inn av gj25675 » 10. juni 2018 kl. 7.27

Hun er døpt 16.2.1820, oppført i kirkeboka for Veøy sogn, men det sår at dåpen fant sted i Vestnes kirke, nr 35 her

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 547/L0602: Ministerialbok nr. 547A04, 1818-1845, s. 18-19
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070904670411

Foreldrene er Pladsemand Knud Knudsen Gjelvig og Kone Kari Larsdr. under Gjelvig

Det passer vel med Hjelvika ved Vågstranda i dagens Rauma kommune.

Ved vielsen leser jeg Jelvig som brudens fødested

Hilsen
Matthias

10730
Innlegg: 187
Registrert: 13. oktober 2007 kl. 16.00
Sted: TORNES I ROMSDAL

Re: Marta Marie Knudtsdtr, kven var ho?

Legg inn av 10730 » 10. juni 2018 kl. 12.24

Takk for raskt svar, dette ser ut til å vere riktig.

Ho kom nok frå Hjelvik sør for Romsdalsfjorden. Torhaugmyr som eg har nemnd, ligg heilt inntil ein annan plass under Hollingen, nemleg Gjeldvik, like ved dagens Hollingsholm ferjekai.

Men foreldra til Marta Marie kjem altså ikkje derifrå. Takk

Svar

Gå tilbake til «Fræna»