Gunn skrev:Hei!
Jeg lurer på et stedsnavn som ligger på Bjarkøy i Troms. I bygdebok for Bjarkøy finner jeg folk jeg har lett etter,- boende i Viken. Jeg har fått bekreftet at det de omtalte som stedsnavnet " Viken" , på midten av 1800-tallet- er samme sted som idag heter Vika. Trondenes/ Sandsøy i kirkebøer og folketellinger.
I min mangel på siste brikke i et puslespill - fant jeg en Andreas Hansen i folketelling 1801, Troms, Trondenes. Her står sted/plass skrevet som Wiigen.
Med dårlig lokalkunnskap så lurer jeg på om noen her kan ha en formening om Viken, Vika og Wiigen kan være samme plass.
Jeg ser at dette blir svært lokalt, men kanskje slumper det til at noen har vært borti plassen.
Eg er ikkje lokalkjend.... så dette er basert på kart, dokument og nettsider. (Men vérfar min var sokneprest på Bjarkøy nokre år på 1960-talet, og kona mi var barn der... - om det hjelper på kvalifiseringa.)
Spørsmålet er ikkje så enkelt som det ser ut til. Eller: er kanskje meir innvikla enn det ser ut til.
Først: spørsmål og opplysningar er upresise. Fann du desse folka under kapitlet om garden Vika (Viken) i Bjarkøy bygdebok? Eller fann du dei omtala ein annan stad (annan gard), der det stod at dei budde i Vika?
for det andre: Det hender at folk er feilplasserte i bygdebøker, særleg når det er fleire gardar som heiter det same i same området.
Den geografiske inndelinga er ikkje utan vidare enkel....
Soknehistorikken
http://arkivverket.no/arkivverket/Bruk- ... rikk/Troms
fortel at Sand (eller Sands) prestegjeld vart skilt frå Trondenes i 1731, men innlemma på nytt i 1813, skilt ut att i 1875, og så gjeninnlemma i 1970. I 1886 skifta Sands prestegjeld namn til Bjarkøy prestegjeld.
Til ekstra forvirring vart det skilt ut eit annekssokn kalla Sandsøy i Bjarkøy prg. i 1909 (kapell der frå 1888).
Men altså: I 1801 var Sand (=Bjarkøy) eige prestegjeld, med eitt sokn.
Litt meir: Den verdslege inndelinga (altså for fut, lensmann; skatt og rettsvesen) var ikkje lik den kyrkjelege. Så seint som i 1838 er matrikkelen delt inn etter tinglag, som kvart omfattar delar av ulike sokn og prestegjeld. På Sunnmøre varte dette til 1822; men tydelegvis lenger i Troms.
Eg vil tru at (men veit ikkje) dette vart revidert kort tid etter kommunereformen 1837.
Som Paul Johan seier, skulle kommunene vere lik prestegjelda (nokre få unnatak, der kommuna var eit sokn). Men på 1830-talet var Bjarkøy/Sand ein del av Trondenes, og kom dermed i Trondenes kommune (så sant det ikkje var eitt av unnataka - dette veit eg ikkje).
Det vart laga ein ny matrikkel i 1886, der Viken fekk gardsnr. 14 i Bjarkøy (som då var eige prestegjeld og herad/kommune). Etter ymse kommunesamanslåingar i mellomtida, har Viken/Vika fått gardsnr. 124 (og då er det vel i Harstad kommune). I nord låg gardsnr. 13 Sundsvoll (no gnr. 123) og i sør Nergård gnr. 15 (no gnr.123).
1886-matrikkelen fortel at det var 4 (nesten) like store bruk i 1886, og at det var to bruk i den "gamle" matrikkelen frå 1838 - også nær like store (med matrikkelnr. 13 og løpenr. 113 og 114).
Matrikkelen 1838, Sands tinglag, med Viken i Sands annekssokn, matr.nr. 13 ("nytt" i 1838), løpenr. 113 og 114, er skanna her:
http://arkivverket.no/URN:db_read/db/35491/52/
Vika/Viken i/på Bjarkøy har eit nokså stort areal med mange bustadar, så det kan godt vere at det i dag vert oppfatta som eit "område" meir enn ein "gard". I tillegg er det naturnamn som Sandvika og Breivika under garden Vika, og Nordvika rett nord (under Sundvoll), som kan forsterke inntrykket av "område"/grend.
Tilbake til Trondenes sokn og prestegjeld: I 1886-matrikkelen fekk garden Viken gnr. 77, og hadde seks bruk, tre større og tre mindre. Denne matrikkelen fortel at det gamle matrikkelnr. (altså 1838) var mnr. 54, og at alle dei seks bruka var delte frå eitt bruk etter 1838, med løpenr. 15.
Denne Viken finn vi i matrikkelen her:
http://arkivverket.no/URN:db_read/db/35491/54/
Legg merke til at denne delen av Trondenes hovudsokn (i den kyrkjelege inndelinga)
også høyrer til Sands tinglag (i den verdslege inndelinga).
Forvirra..... tja. Iallfall kan nokon ha gått seg bort i dei ulike vikene.
Folketeljinga 1801 vart utført av prestane og delt inn etter prestegjeld. Om du finn nokon i Sands prestegjeld (Bjarkøy) så høyrer dei til i Bjarkøy. Finn du nokon i Trondenes, så høyrer dei til der.
"Wigen" i Trondenes, FT1801:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8493000053
I Sand (Bjarkøy) er det ikkje nokon gard kalla "Viken" e.l.; liste her:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8494000001
Men ifl. "Norske Gaardnavne" vert garden også kalla "Nergårdvika", og det ("Nedergaardsviig") er eit namn som står på lista i 1801:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8494000275
Andreas Hansen finn vi i FT1801 på "Wigen" i Trondenes. Altså ikkje i Bjarkøy.