Legg inn
av gj18616 » 16. februar 2013 kl. 22.04
Hei!
Den nye gode ættesoga for Bygland har stoppa opp fordi forfattaren Reidar Vollen døydde. Det har vore vanskeleg å finne ny forfattar som er god nok, men i dag høyrde eg at det berre manglar litt forhandlingar, så er det i orden. Det vil likevel ta mange år før utgjevinga kjem til garden Neset.
Det finst likevel ei eldre gards- og ættesoge: Reidar Bolling: Gards- og ættesoge for Bygland, 1952. Denne har sine manglar, men er korrekt nok for dette.
Garden heiter Neset - han vart før kalla Tjovsneset, men det var forståeleg nok ikkje noko greitt namn for dei som budde der. Så det vart korta ned. Jon Olavson kjøpte denne garden - han kom frå Søbø på Longerak med anar frå Lauvdal og Åseral. Han gifte seg med Joronn Jonsdtr Skomedal, og hadde etter Bolling desse borna: Olav d.e., Gunnstein, Olav d.y., Anne, Tore (jentenamn) og Gunhild.
Det er rett som det står i ein av kommentarane at garden har blitt verande i ætta etter Jon, og at garden i dag blir bruka som campingplass.
Jon blir i dag mest hugsa på grunn av sambandet med Johannes Skar, forfattaren av Gamalt or Setesdal.
Helsing Tormod