Knut Nilsen, Grytten, f ca 1773

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
10730
Innlegg: 187
Registrert: 13. oktober 2007 kl. 16.00
Sted: TORNES I ROMSDAL

Knut Nilsen, Grytten, f ca 1773

Legg inn av 10730 » 4. september 2012 kl. 10.12

Knut Nilsen Grytten.
På bruket Hulet i Fræna er desse personane registrerte ved FT 1865:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8298001656
Alle er oppgitt med fødestad Eids prestegjeld. Men mannen Trond, og alle borna, er fødde i Fræna. Men kva med kona Berit? Her er paret gift i Fræna, nr 4 i 1840

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660533.jpg

Trond og Berit fekk 7 born som er fødde i Fræna. Ser ein på fadrane til borna finn ein (i tillegg til Trond sin familie frå Storvig i Søre Fræna) at ein familie i Rødal i Fræna går att ofte. Dette gjeld foreldreparet Knut Nielsen og Ingeborg Knutsdt, med borna Nils og Ingeborg. Denne familien kom flyttande til Fræna frå Aals prestegjeld ca 1828, sjå personane 14,15,16,17:

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660576.jpg

Mange trur, og mykje tyder på at Berit Knudsdtr Rødal er dotter til Knut Nielsen og Ingeborg Knudsdtr, og ho er då søster til Nils og Ingeborg. Det hadde vore greitt å ha eit godt bevis for dette, ikkje berre indisiar.
Ingeborg Knudsdtr, f ca 1782 er frå Aslegard i Aal. I Aal i 1806 gifta ho seg med Knut Nilsen Graavo, f ca 1773:

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660181.jpg

5. linje nedanfrå, til høgre. Knut Nilsen Graavo er han skriven. Paret er kort nemnde i bygdebok, dei skriv han er frå Grytten. Boka nemner at Knut Nilsen Grytten er omtala i eit skifte 25/4 1823 etter ein Herleik Hansen Bakken, nedre Hivjubakken, han halvsøskenborn til Ingeborg. Dette skiftet har eg ikkje funne. Bygdeboka seier ”dei vart sidan borte frå bygda, nok reist til Romsdal”.
Borna Nils f 1807 og Ingeborg f 1811 finn eg fødde i Aal.
Kva er så spørsmålet?

Er det nokon høveleg kandidat i Grytten med namn Knut Nilsen, fødd ca 1773?
Kan Berit vere fødd i Eid, eller Grytten forøvrig nokon stad? Eg har ikkje funne nokon av borna konfirmerte i Aal. Kan dei vere fødde i Grytten?
Er det i det heile nokon spor etter denne familien i Grytten, i kyrkjebøker, folketeljingar eller andre kjelder?
Håper på hjelp frå dei gode hjelparane i dette forumet. Mange har slitt med desse spørsmåla lenge.

Tore Kristiansen
Innlegg: 4284
Registrert: 18. november 2004 kl. 9.47
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Knut Nilsen, Grytten, f ca 1773

Legg inn av Tore Kristiansen » 4. september 2012 kl. 15.12

Det står ved vielsen i 1840 at Berit var vaksinert av And. Eikrem Det er også mange andre på samme side som har blitt vaksinert av ham.
Det må bety, mener jeg, at Berit har bodd i Fræna som liten eller rett før konfirmasjonen, siden det ved konfirmasjonen skulle stå om de var vaksinert eller hadde naturlige kopper.

Jeg har ikke sjekket konfirmantlistene, men bare slo opp på 1831-1832 Vågøy i Aukra, Ministerialbok nr. 565A01 (1817-1844), Konfirmerte 1832, side 490-491 og tilfeldigvis står ei Berit Knutsdtr. øverst på sida. Riktignok født i 1815. Både på henne og på andre på samme side står ikke foreldrenes navn, men navnene på husbondfolkene, og det er litt synd. Jeg har ikke leita mer, for det kan vel du gjøre?

Men på bakgrunn av vaksinatørens navn ved vielsen vil jeg anta at du finner Berit konfirmert i Fræna, og da er det vel bare å finne fram til aktuelle kandidater?
:) Tore

Tore Kristiansen
Innlegg: 4284
Registrert: 18. november 2004 kl. 9.47
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Knut Nilsen, Grytten, f ca 1773

Legg inn av Tore Kristiansen » 4. september 2012 kl. 15.23

Når jeg ser litt nærmere på vielsen, har den første sponsoren samme gardsnavn, Myhrbostad, som den konfirmerte jeg tilfeldigvis fant.

Det bør være grunn til å se nærmere på den forbindelsen.
:) Tore

10730
Innlegg: 187
Registrert: 13. oktober 2007 kl. 16.00
Sted: TORNES I ROMSDAL

Re: Knut Nilsen, Grytten, f ca 1773

Legg inn av 10730 » 4. september 2012 kl. 20.12

Takk til Tore.

Når det gjeld konfirmerte i Fræna med namn Berit Knudsdtr i aktuell periode finn eg berre tre. Vi har nr 5 i 1828, ho fødd 1813, nr 5 i 1829, ho fødd 1814, og nr 7 i 1831, ho fødd 8.9 1815.

Som Tore skriv kan den siste av desse vere aktuell. Ho var busett på Myrbostad hjå Erik Rasmussen og Ane Jonsdtr. Eg har ikkje funne at dette paret har eigne born. Dei to første er neppe aktuelle, dei kan gjerast nærare greie for. Berit oppgir å vere 23.5 år ved giftemål i juni 1840, altså ganske presist oppgitt alder. Skulle ho ikkje då vere fødd kring årsskiftet 1817-1818? Vi har litt avvik her.

Kva med sporet til Grytten?

10730
Innlegg: 187
Registrert: 13. oktober 2007 kl. 16.00
Sted: TORNES I ROMSDAL

Re: Knut Nilsen, Grytten, f ca 1773

Legg inn av 10730 » 8. september 2012 kl. 23.06

Ingen respons frå Grytten, kanskje det ikkje er nokon linjer dit? Det omtala paret Knut Nilsen og Ingeborg Knudsdtr Rødal ser ut til å ei dotter Marit her i Fræna i 1819

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660391.jpg


Ho døyr ung. Paret er ført som innflytta i 1828, men dei ser ut til å ha budd her tidlegare. I så fall kan dei og ha fått ei Berit enno tidlegare, t d 1815, som er vaksinert av A Eikrem. Vi får ikkje vite dette grunna mangel på kyrkjebøker i intervallet 1808-1816.

Svar

Gå tilbake til «Rauma»