Joen Otterson fødd 23 april 1770

Moderator: MOD_Oppland

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Magnar Husby » 21. mai 2012 kl. 17.36

blir så langt eg kan skjøne døypt her i den nest nedste innførselen på 1.side (bruk ei av lenkene nedanfor). I innførselen framfor blir mora introdusert. Eg ser at mora heiter Marit Ingebrigtsdotter, og eg tolkar førenamnet til faren som Otter. Men etternamnet til faren, som ser ut til å vere eit gardsnamn, får eg ikkje taket på. Eg er ikkje så godt kjend med gardsnamna i Lesja - for meg ser det ut til å vere noko med Hammer....

Source information: Oppland county, Lesja, Parish register (official) nr. 2 (1732-1776), Chronological list 1770, page 612-613.
Permanent pagelink: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-302
Permanent imagelink: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 470411.jpg

Er det nokon som får taket på innførselen, og som eventuelt kan finne ut kva det står om denne familien i Lesjaboka?
Ein Jon Ottesen oppheld seg nemleg i 1801 på garden Eikesdalsseter (Sæter i Eikesdalen) i Nesset kommune Møre og Romsdal. Han er tenar og 30 år gamal. Kona på garden kom frå Øverås i Eresfjorden ved andre enden av Eikesdalsvatnet, og der bygsla ein Ottar Olson Kvam f 1764 ein plass Ottarreiten ved århundreskiftet (rundt 1800). Kanskje Jon og Ottar var slektningar?

dn21186
Innlegg: 503
Registrert: 26. november 2008 kl. 15.00
Sted: PORSGRUNN

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av dn21186 » 21. mai 2012 kl. 19.15

Hei!
Det skal stå Hammeren.
Joen Ottesen blir født i 1770 så det stemmer jo med alder.
Her er de i 1801 tellinga.
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =3122#ovre


Mvh Lisbeth

Brukeravatar
Else Berit Rustad
Innlegg: 18144
Registrert: 3. november 2006 kl. 9.10

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Else Berit Rustad » 21. mai 2012 kl. 19.19

Bygdeboka du nevner, har jeg ikke, men kan bekrefte at foreldrene til Joen ifølge kirkeboka, er Otter Hammeren og Marit Engebretsd.

Mvh
Else B.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Magnar Husby » 21. mai 2012 kl. 19.56

Takk for umåteleg raske svar frå L. og E.! Dette kan bety at sonen Jon var i Eiksedalen i 1801. Han er iallfall ikkje her! I Nessetbøkene har eg ellers ikkje funne spor av han enda (men eg har ikkje lese på langt nær alt i dei 11 bøkene!). Kanskje drog han til Lesja att?
Håpar nokon som har Lesjabøkene og kjenner desse kan kome med ytterlegare opplysningar.

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 21. mai 2012 kl. 21.26

Jon står i bd. 1 s. 238, Håmåren ... i jernverkstida, Kvam (23-5a). Han er kopla som far til to uekte fødslar i Lesja 1798 og 1799, men det er det siste som var funne om han da boka vart skrive (1987). Det er derfor ikkje usannsynleg at han var utanbygds i 1801, men sikker kan vi nok ikkje vere.

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Knut Sæther » 21. mai 2012 kl. 21.28

Hei Magnar!

Her blir ei Marit døypt 2. søndag i faste 1802 i Nesset med foreldre ungkar Jon Ottosson Hammer frå Lesja og pike Ingeborg Eriksdotter Aase (venstre side):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-227

Den 29. desember 1805 finn vi eit uekte barn Erik døypt. Faren er Jon Ottersson Steensvold, og mora Ingeborg Eriksdotter Steensvold (venstre side):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-12

Så får denne Jon Ottersson Steensvold ei dotter Marit som blir døypt 6. juli 1806. Mor: Gjertrud Guttormsdotter Vike (venstre side):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-14

Det er notert at dette var det tredje leiermålet til faren. Barnet er elles nemnt under Vike bruk nr. 3 i Gards- og ættesoge for Nesset bind 7 s. 29.

Jon Ottersson Steensvold og Ingeborg Eriksdotter Aase giftar seg 17. august 1806 (venstre side):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-15

Eg fekk treff på denne Jon Ottersson på FamilySearch, og deretter gjekk det greitt å finne fram til dei ulike opplysningane i kyrkjeboka.

Sjølv har eg ikkje tilgang til det bindet av bygdebokverket for Nesset der denne familien kan vere omtala.

Helsing Knut.

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 21. mai 2012 kl. 21.55

Der var han visst ja - og med tre barn utanfor ekteskap også utanfor Lesja...

Den Ottar Olss. som kom til Ottarreiten ved Eikesdalsvatnet, f. 1764 står i bd. 1 s. 235 under Søre Sy Kvam (21-1). Han g. 1800 m. Anne Guttormsdtr. frå Utengteigen u. Øverås, men det er usikkert om han var frå denne familien da han ikkje er nemnt i skiftet etter faren Ola Endress. i 1777. Viss han var det, var han søskenbarn med far til Jon Ottarss.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Magnar Husby » 21. mai 2012 kl. 22.35

Tusen takk til AK og KS! Dette var interessant! Og både det eine og andre. For han er etter alt å døme ttt-oldefaren min. For den Erik Jonson Steinsvoll f 1805, som KS nemner, flytta i vaksen alder til Averøya og gifta seg med gardenkja Guri Knutsdotter på Gaarden på Ekkilsøya (Averøyboka 4 side 51). Dei hadde ikkje born saman, og Erik dreiv garden til 1856. Da flytta dei til Kleiva, som sidan fekk namnet Steinsvollkleiva etter han. (Averøyboka 4 side 76). Marit Øverås, som Erik Jonson hadde utanfor ekteskap med Brit Pedersdotter Bjørnes i 1828, oppheldt seg hos dei. Ho vart i 1856 gift med Averøylæraren Jens Christian Junge, og desse to er tippoldeforeldra mine.

Det står att ein del å bevise her enda. Det må vel kunne finnast noko om Jon Otterson i flytteattestar, strafferegister el. l. Eg har heller ikkje kontrollert lister over døde dei stadene han har vore eller etter dette kunne tenkjast å ha opphalde seg. Dette vart spennande!

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Magnar Husby » 21. mai 2012 kl. 22.44

Eg las nok ikkje svaret til KS skikkeleg før førre svaret. For han har jo løyst spørsmålet om kvar han vart av. Det som står att er å bevise at Jon Ottarson i Eresfjorden og han fødd 1 på Lesja i 1770 er ein og same person.
Ellers kan nemnast at den Ingebor Eriksdotter Steensvold som var mor til Erik, var Ingeborg Eriksdotter Gussiås f 1788 død 26.12.1882. frå Nesset. Ho var gift først med enkjemann Jon Olson Steinsvoll på bruk 5 Deraustgarden, som ho hadde to born med, deretter med Lars Bersveinson Helde f 1808. Dei budde på pl Grova under Nauste.

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Knut Sæther » 21. mai 2012 kl. 23.09

Kanskje litt på sida av det du er ute etter, Magnar, men ved dåpen til Marit i 1802 er oppført ein fadder Ingebrigt Ottosson Findset. Og under Finnset i Gards- og ættesoge for Nesset bind 7 s. 292 er omtala ein brukar Engebret Ottarsson Kvam f. 1772 i Lesja, og som i 1800 vart gift med Brit Endresdotter. Det står at han døydde inne på fjellet i 1811. Det er nok denne personen vi finn her:

http://www.familysearch.org/eng/search/ ... rompage=99

http://www.familysearch.org/eng/search/ ... rompage=99

Denne Engebret/Ingebrikt kan ha vore bror til Jon, men det veit sikkert Arnfinn noko om.

Knut.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Magnar Husby » 21. mai 2012 kl. 23.29

Eg såg akkurat denne ingebrigt Ottarson sjølv Han er på Finnset i 1801. Men har du nokre tankar om kvar ein finne denne Ingeborg Eriksdotter Åse?

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Magnar Husby » 22. mai 2012 kl. 0.16

I Nessetboka bind VII side 333 er Ingeborg Eriksdotter og Jon Ottarson omtala. Her står det at Ingeborg hadde følgjande barn:
a)Dordi f 1788 med Pål Torsteins Rise frå Oppland
b)Knut f 1795 med gift mann Endre Jonson Slenes
c)Marit f 1802 med Jon Steffenson frå Lesja
d)Erik f 1805 med med Jon Ottarson frå Lesja
Det står at Ingeborg og Jon Ottarson gifta seg i 1806 og at dei budde som innerstar dels på Frisvoll og dels på Steinsvoll. Ingeborg døydde i 1813 og Jon gifta seg 2.gong 1823 med Anne Knutsdotter Bergset f?. Jon døydde som legdslem på Øverås 18.mai 1852, 84 år gamal

Etter dette var det slett ikkje Ingeborg Eriksdotter Gussiås som var mor til Erik, så eg må sjekke kildene mine til den slutninga.

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Knut Sæther » 22. mai 2012 kl. 1.43

Kan det vere Ingeborg Eriksdotter Åse som tente på Finnset i 1801?

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1236#ovre

Som vi no veit oppheldt Jon Ottersson seg på nabogarden på same tidspunktet.

Dersom den oppførte alderen er rett, var denne kvinna f. ca. 1763.

Vi finn ei Ingeborg Eriksdotter Åse konfirmert i 1780 (nr. 22):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-147

Ved dødsfallet i 1813 var kona til Jon Ottersson 45 år gammal ifølgje kyrkjeboka, altså f. ca. 1768 (høgre side):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?u ... 93506&js=j

Men denne alderen treng jo ikkje vere heilt korrekt.

Knut.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Joen Otterson fødd 23 april 1770

Legg inn av Magnar Husby » 22. mai 2012 kl. 2.26

Det står iallfall Jon Otterson og ikkje Jon Steffenson når Marit blir døypt i 1802. Og da stemmer talet på leiermål for Jon Ottarson i Nesset med det som står når han får siste barnet. Dessverre er det ikkje oppført leiermålstal når Erik vert fødd, men ellers stemmer det jo for Ingeborg og. Og Ingeborg Eriksdotter Gussiås vart konfirmert i 1806 med etternamnet Gussiås, og det er ikkje oppført at Ingeborg i 1805 var ukonfirmert. Så til saman tilseier dette at Ingeborg Eriksdotter Øverås var mor til Erik Jonson f 1805.

Dei måtte ordne seg med utflyttingsattestar også i gamle dagar når dei skulle flytte. Men desse ligg vel framleis upubliserte i eit eller anna arkiv, viss ikkje nokon skulle ha kopiert dei som kom til Nesset, da. Jon måtte iallfall truleg ordne med ein slik når han skulle gifte seg, vil eg tru.
Og Jon Ottarson hadde iallfal ein bror Ingebrigt fødd i 1772:
Source information: Oppland county, Lesja, Parish register (official) nr. 2 (1732-1776), Chronological list 1772, page 640-641.
Permanent pagelink: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-316
Permanent imagelink: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 470425.jpg

Svar

Gå tilbake til «Lesja»