Kven var Eli Olsdotter Venge og Eli Olsdotter Halse?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Kven var Eli Olsdotter Venge og Eli Olsdotter Halse?

Legg inn av dn26165 » 17. desember 2011 kl. 21.09

Eli Olsd. Venge døydde 24.10.1847. Ho var husmannskone, 59 år (dvs. f. ca 1788). Eli Olsdotter Venge, død 1847

Pige Eli Olsd. Halse gifta seg 12.10.1828 (par nr. 4) med Arne Andersen Nora. Eli var 37 år (dvs. fødd ca 1791). Eli Olsdotter Halse, gift 1828

Er det nokon som har kjennskap til desse to Eli?

Kan Eli Olsd. Venge vere identisk med Eli Olsd. Halse?

På slektsida Rydjord er det lagt ut at Arne Andersen Nora gifta seg 12.10.1828 med Eli Olsdotter Brøste, f. 1792. (Fødselsåret 1792 ser ut til å ha sitt grunnlag i at alderen til Eli var notert å vere 36 år ved vigselen.) Det er går ikkje fram kva som er bakgrunnen for namnet ”Brøste”, og eg kan heller ikkje finne nærare opplysningar om slektsbakgrunnen for denne Eli. Rydjord-slekt

Mi interesse på dette punkt gjeld spørsmålet om Eli Olsdotter Venge kan tenkjast å vere identisk med Eli Olsdotter Abelstad som er etterlyst i eit tidlegare tema under Rauma (om foreldra til Ole Larsen Nerland). Det har vist seg vanskeleg å finne sikre opplysningar om Eli Olsd. Abelstad.

Ole Larsen vart døypt i Kors kyrkje 05.06.1825. Det vart då opplyst at Eli var frå ”Sell i Waage Præstegjeld”. Eg har difor også etterlyst ho under Sel i Gudbrandsdalen. Heller ikkje der har det kome fram noko om Eli, men derimot mange opplysningar om slekta hennar. Familien til Eli Olsd. Abelstad, Sel - f. 1790?

Då Ole Larsen vart konfirmert i Bud kyrkje vart det skrive i kyrkjeboka at han var fødd på "Winge i Gryttens" prestegjeld (ikkje heilt i samsvar med det som står ved dåpen i kyrkjeboka for Grytten).

Den eldste sonen til Eli, Abel Olsen, flytta frå Grytten til Kristiansund i 1840. I kyrkjeboka for Grytten er han ført opp med namnet ”Abel Oldsen Wenje”.


Denne koplinga mot garden Venge (Vinje) for begge sønene er kan hende meir enn tilfeldig? Kan Eli Olsdotter Abelstad ha budd der? Og kan begge sønene også ha budde der hjå mor si? Og kan det då vere mor deira, Eli Olsd. Abelstad, som er ført inn i kyrkjeboka med namnet Eli Olsd. Venge då ho døydde i 1847? (Den opplyste alderen stemmer slik noko lunde. Ho vart fødd i Sel i 1790.)

Brukeravatar
Britt Iren Pedersen Neergård
Innlegg: 899
Registrert: 4. desember 2004 kl. 22.42
Sted: MOLDE
Kontakt:

Re: Kven var Eli Olsdotter Venge og Eli Olsdotter Halse?

Legg inn av Britt Iren Pedersen Neergård » 18. desember 2011 kl. 11.36

Arne og Eli får ei datter Anne i 1828 og hun blir konf i 1843, fam. bor da på Wenge.

Om det var Eli fra Waage som giftet seg i 1828 er erfaringen at det ville stått at hun var derfra. Når brud eller brudgom kom fra et annet prestegjeld er min erfaring at dette er oppgitt.

At Rydjord bruker navnet Brøste skyldes Raumadalsfolket som sier at Arne Andersen Nora giftet seg med Eli Olsdatter Brøste. Hvilke oppl. forfatteren har som støtter dette vites ikke. Eli Olsdatters Brøstes far var imidlertid Ole Knutsen og det er jo den ene forloverens navn (men det er jo ikke bevis for at det er rett jente)
Her er Eli og fam på Brøste i 1801 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=850#ovre


Som du skriver her https://slektsforum.slektogdata.no/view ... hp?t=99322
er Ole Larsen med mor Eli Olsdatter f på Monge iflg kirkeboken for Kors. Broren Abel ble kalt Wenge ved konfirmasjon i 1832, så da oppholdt i alle fall han seg der. Kanskje også Ole? Men som du skriver flyttet Ole fra Stokke i Grytten og det er på Verma. Siden andre emner viser at faren (sannsynlig rett mann) giftet seg i Kleive året etter Oles fødsel vokste han kanskje opp hos besteforeldrene på Stokke?

mvh
Britt Iren

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Kven var Eli Olsdotter Venge og Eli Olsdotter Halse?

Legg inn av dn26165 » 18. desember 2011 kl. 15.53

Takk for avklårande innlegg!

Då ser dette ut til å måtte vere eit blindspor. :cry:

Eg må visst snu kvar ein stein for å finne noko om Eli Abelstad etter 1825. Eli Venge var einaste kandidaten i høveleg alder som eg fann under dødsfall, og Eli Halse/Brøste einaste høvelege kandidat under vigslar. Når no Eli Venge og Eli Halse/Brøste ser ut til å måtte vere same person, og ho (mest sannsynleg) var fødd i Grytten, må eg berre konkludere med at eg ikkje har funne den etterlyste Eli som død eller gift i Grytten. Om eg ikkje har oversett ei innføring i kyrkjeboka, kan dette kanskje tyde på at ho flytta frå Grytten?

Eg finn heller ikkje Eli Abelstad innført i kyrkjeboka som utflytta - utan at det kan bety så mykje.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Kven var Eli Olsdotter Venge og Eli Olsdotter Halse?

Legg inn av Magnar Husby » 19. mai 2012 kl. 16.12

Dette kan ikkje hjelpe til med det det er spurt om her, men ettersom eg har vore innom denne Eli Olsdotter Brøste som vart gift med Arne Andersson Nora, så kan eg leggje fram det eg har funne om familien og det eg trur. Dei hadde ei dotter Anne fødd 06 Nov 1828. Eg trur det var ho som vart gift med Iver Hallvardson Gustad på Averøya 13 Okt 1853. Da heiter ho Anne Arntsdotter Vinje. (I kyrkjeboka for Grytten er ho ved dåpen kalla Arn, men står på jentesida i kyrkjeboka, og i Raumadalsfolket side 270 (2.opplag Molde 2005) står først foreldra (1.spalte, midt på) og til slutt: 1 sønn, men så kjem namnet Anne Arnesdotter. At det ikkje var nokon son Arn det dreidde seg om, kjem fram når ho blir konfirmert 20 Okt 1843. Og da står det at familien bur på Wenge under Fiva(?). Eg trur det er mor hennar som døyr i 1847, for i 1848 reiser ho frå Grytten til Kristiansund, står det. Det er truleg faren som døyr som legdslem på Nora 06 Feb 1855. Ho får 3 søner med Iver Hallvardson Gustad, men han druknar på Bremsnesfjorden i 1858. Den 22. Juli 1861 blir ho gift med Erik Ingbrigtson Flåhamar frå Nesset (Eidsvåg). Eg vart overraska da eg såg at det kom ein mann såpass langt borte frå. Men etter å ha funne at mormora hans heitte Elen Roesdotter Sogge (Bakke) frå Grytten og var gift på Nerland i Vistdalen, var ikkje dette så merkeleg lenger. Denne Elen var fødd i Grytten i 1852, så Anne kjende truleg ikkje henne, Men ho må ha kjent far hennar, Roe Andersson Sogge (Bakke), og Elen var 3-menningen til Anne sin farfar Anders Roeson Reiten. Mine funn beviser ingenting, men det er sterke indisium på at dei to Eli Olsdøtrene ikkje er den same. Anne og Erik fekk 4 barn. Erik, Anne og alle dei 7 barna hennar, delvis med ektefeller, emigrerte til USA og kom aldri attende. Men ei gruppe etterkomarar frå første ekteskapet kjem på Norgesvitjing i juni.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Kven var Eli Olsdotter Venge og Eli Olsdotter Halse?

Legg inn av Magnar Husby » 19. mai 2012 kl. 16.33

PS. Etter å ha nærstudert dåpsinnskrifta til Anne i Grytten, har eg kome til at presten eller kyrkjebokskrivaren ikkje har skrive Arn heller. Den siste bokstaven er iallfall ikkje ein gotisk liten n, og den framfor ikje ein gotisk r. Han har skrive ein strek over, så kanskje han har meint å skrive Aenne - for det som for oss ser ut som ein r kan vere ein e og siste bokstaven liknar svært på ein stor N. Kanskje dei kunne skrive stor n når dei meinte dobbel n? Og så står det jo Arnesd etterpå, så dei var nok klar over at det var ei jente dei førte til protokolls. Det er nok berre vi ukyndige som har så lett for å oppfatte dette som Arn.

Svar

Gå tilbake til «Rauma»