Styrk Nilsson frå Setre, Åsane

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
dn27851
Innlegg: 38
Registrert: 4. april 2012 kl. 23.52
Sted: OS

Styrk Nilsson frå Setre, Åsane

Legg inn av dn27851 » 28. april 2012 kl. 10.12

Eg leitar etter opplysningar om min tippoldefar, Styrk Nilsson, som er nemnt i Lars Kindem: Vossaboki 2, side 374, under garden En, bruk 3:

Ved skifte etter Marta i 1841 er nemnt ni born: Per f. 1789, som var død og hadde to born etter seg (Marta f. 1821 og Lars Uppheim f. 1823), Olav d. e. f. 1798, Lars d. e. f. 1805, g. 1840 med Gyrid Olavsdr. Uppheim, Olav d. y. f. 1811, g. 1835 med Gudve Eiriksdr. Staup, Lars d. y. f. 1816 g. 1844 med Kirsti Larsdr. Gjelle eller Bergslidi, Kari f. 1796, g. 1831 med Svein Eirikson Lydvo, Katla f. 1800, g. m. Lars Sveinson Bidne, Sogndal, Jæren, Synneva f. 1803, g. 1836 med Styrk Nilsson Nesheim, som budde på Setre, Åsane i Nordhordland, Anna f. 1808, i Amerika.

Iflg Kindem budde altså Styrk Nilsson på Setre, Åsane, og han vart gift i 1836 med Synneva Bårdstr (f. 1803) frå garden En i Voss. Dei fekk dottera Marta Styrksdtr En i 1838. Men kven var foreldra til Styrk Nilsson? Vart han fødd på Setre i Åsane, eller berre budde han der? Og kva år vart han fødd?

dn15975
Innlegg: 192
Registrert: 20. desember 2004 kl. 19.45
Sted: Tunhovd

Re: Styrk Nilsson frå Setre, Åsane

Legg inn av dn15975 » 28. april 2012 kl. 10.51

Hei! Dette står i Kenneth Bratlands bok Åsane i fortid og nåtid II: Sætre 1832-1842. - Størk Nilsen Nesheim f. 1805 på Voss, d. 1852, g. 1836 m. Synneve Bårdsdtr. En f.1803 på Voss d. 1857. Størk fikk skjøte 1839 av Lars Monsen Sætre. Etter at de solgte gården på Sætre, flyttet dr tilbake på Voss. Der fikk Størk en trist skjebne da han i 1852: "berøvede sig selv Livet ved at skjære halsen over". Barn 1: Nils. f. 1839 på Sætre. d. 1914, g. 1876 m. Anna Jonsdtr. f. 1852, d. 1879. Bst. Hefte på Voss. - Barn 2: Synneve f. 1842 på Sætre, d. 1928. Bst. Voss.
Dette var det som står i boken, håper det er til hjelp..
Hilsen Arnulf.

dn27851
Innlegg: 38
Registrert: 4. april 2012 kl. 23.52
Sted: OS

Re: Styrk Nilsson frå Setre, Åsane

Legg inn av dn27851 » 28. april 2012 kl. 11.23

Takk! Det var jo ein trist skjebne for Styrk Nilsson. Då ser det ut for at eg må gå til kyrkjebøkene for Voss for å finne foreldra hans, ettersom han vart fødd der. Eg meiner å ha funne giftarmålet med Synneva Baardsdtr her, under oppføring nr 40 her:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?u ... 17986&js=j

men eg er ikkje i stand til å tyda namnet til brudgommens far. Er det nokon som kan sjå kva det står?

Det var merkeleg at ikkje Marta, f. 1838, var nemnt som eit av barna til Styrk i boka om Sætre i Åsane. Det får eg ta ein nærare sjekk på.

Brukeravatar
Else Berit Rustad
Innlegg: 18144
Registrert: 3. november 2006 kl. 9.10

Re: Styrk Nilsson frå Setre, Åsane

Legg inn av Else Berit Rustad » 28. april 2012 kl. 12.50

Harald skrev:Er det nokon som kan sjå kva det står?


Faren heter Niels Steffensen.
Lenken din virker ikke, så jeg legger inn rett lenke her:
Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 12 (1823-1837), Ekteviede 1836, side 434.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-48
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 640484.jpg

Mvh
Else B.

dn27851
Innlegg: 38
Registrert: 4. april 2012 kl. 23.52
Sted: OS

Re: Styrk Nilsson frå Setre, Åsane

Legg inn av dn27851 » 28. april 2012 kl. 13.21

Takk! Då har eg gått vidare til Vossaboki Online, og funne ut at Nils Steffason vart gift 1786 med Gjertrud f. 1760, dotter av Åmund Knutson og Synneva Mattisdtr Mølster. Og Åmund Knutson var son til Knut Aslakson f. 1667. Dermed har eg komme fleire generasjonar tilbake i tid enn eg hadde håpt på!

Svar

Gå tilbake til «Bergen»